Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Lang ventetid for tildelt langtidsplass på sjukeheim


15. august 2018 ventar 218 personar i Hordaland på sjukeheimsplassen dei har fått innvilga. Fylkesmannen viser til innbyggarane sine rettar, og forventar at alle kommunar har tilstrekkeleg kapasitet til å møte innbyggarane sine behov.

Denne saka er skriven før 1.1. 2021 då Fylkesmannen endra namn til Statsforvaltaren.

Publisert 26.10.2018

Tal frå kommunane viser at det er eit sterkt press både på korttidsplassar og langtidsplassar. Fleire som har fått innvilga langtidsopphald, har fått midlertidig korttidsopphald eller bur heime mens dei ventar på langtidsplass.

Pasientar som i ei avgrensa periode treng heildøgns pleie og omsorgstenester kan få korttidsopphald i sjukeheim. Det kan vere på grunn av sjukdom, utgreiing, observasjon, etterbehandling, avlasting eller rullerande opphald i institusjon. Fleire av desse plassane blir i dag brukt til langtidsplassar.

174 personar som har fått innvilga langtidsopphald bur midlertidig i korttidsplass.

  • Askøy kommune 7
  • Bergen kommune 135
  • Os kommune 18
  • Stord kommune 8  
  • Voss kommune 6

35 personar som har fått innvilga langtidsopphald bur framleis i eigen heim.

  • Austevoll kommune 7
  • Bergen kommune 10
  • Bømlo kommune 7
  • Os kommune 5
  • Stord kommune 6

Regjeringa har innført krav om at kommunane skal føre ventelister for sjukeheimar eller tilsvarande bustad. I heile landet ventar 1518 personar på plass i sjukeheim.

Husbanken gir investeringstilskott til omsorgsbustader og sjukeheimar. Meir om denne ordninga kan du lese her. Kva kommunar som fekk dette tilskottet i 2017 finn du her.

Tilsvarande tal for første tertial finn du her.