Fylkesmannen svarar ikkje på spørsmål om arbeidstakarrettigheiter for dei som får omsorgsstønad

Fylkesmannen er klageinstans og tilsynsmyndigheit når det gjeld omsorgsstønad, men det er den einskilde kommune som må svare på spørsmål om mottakarar av omsorgsstønad har rett til feriepengar, sjukepengar, dagpengar og kommunal pensjonsordning.

Fleire mottakarar av omsorgsstønad har kontakta Fylkesmannen i Hordaland med spørsmål om kva arbeidstakarrettigheiter dei har, men slike forhold er ikkje regulert i helse- og omsorgstenestelova eller pasient- og brukarrettslova.

Kva er omsorgsstønad?

Omsorgslønnsordninga vart innført i 1988. Ordninga er no regulert som «omsorgsstønad» i helse- og omsorgstenestelova paragraf 3-6, som ei kommunal yting til personar med særleg tyngande omsorgsarbeid. Eit viktig mål for ordninga er å bidra til best mogleg omsorg for personar som har særleg stort omsorgsbehov på grunn av alder, funksjonshemming eller sjukdom.

Ordninga inneber at kommunen engasjerer pårørande eller andre nærståande som oppdragstakarar eller som arbeidstakarar. Ytinga er skattepliktig og gir pensjonspoeng, og kommunen skal betale arbeidsgjevaravgift.

Kommunen avgjer

Det har heile tida vore opp til den einskilde kommune å avgjere om dei som får omsorgslønn/omsorgsstønad skal vere kommunal arbeidstakar eller oppdragstakar, og kommunane har løyst dette ulikt. Difor ber Fylkesmannen dei som kontaktar oss om å rette spørsmålet til den kommunen som har fatta vedtaket om omsorgslønn/omsorgsstønad. Det er ikkje noko i vegen for at kommunen gir fulle arbeidstakarrettigheiter, som gir grunnlag for feriepengar, sjukepengar frå første sjukedag, dagpengar og kommunal pensjonsordning, samt rett til vikar ved sjukdom, men det er altså den einskilde kommune som avgjer.

Ved førre lovregulering meinte fleire høyringsinstansar at alle mottakarar av omsorgsstønad skulle få rettigheiter som arbeidstakar, men lova vart ikkje endra på dette punktet. I lovproposisjonen (Prop. 49 L) står det at:

«Forslaget til ny bestemmelse er en videreføring av gjeldende rett og medfører følgelig ingen endringer for omsorgsstønad når det gjelder arbeidstakerrettigheter. Målet er ikke at den pårørende skal ansettes av kommunen, men at kommunen skal støtte de pårørende som ønsker å påta seg særlig tyngende omsorgsarbeid.»

Klikk her for å lese proposisjonen