Fokus på smittevern, antibiotikaresistens og praksisretta kunnskap

Alle kommunane i Hordaland var representert då Fylkesmannen i Hordaland arrangerte Smitteverndagen 2017 den 25. oktober.

145 smitteverninteresserte legar, helsesøstre og sjukepleiarar fekk med seg eit variert program med fokus på fagleg oppdatert og praksisretta kunnskap. Dagen vart innleia med "Smittevern sett frå Fylkesmannen"  før plenumsforedrag om antibiotikaresistens, utbrotshandtering ved matboren smitte og ny rettleiar for pandemiplanlegging og alvorlege smittsame sjukdomar.

Etter lunsj var det parallellsesjonar med meir praksisretta foredrag som seksuelt overførbare sjukdomar, vaksinemotstand og kommunikasjon for helsestasjon og smittevernlegar. For sjukeheim og heimebaserte tenester var det foredrag om hygienekontaktar i pleie- og omsorgstenestene i Bømlo, fagprosedyre for basal smittevern i heimetenestene frå Bergen og infeksjonshandtering ved sjukeheimar i Bergen. Dagen vart avslutta med eit kort foredrag om nasjonal strategi ved Hepatitt C.

Gode tilbakemelding og godt fagleg utbytte

I følgje tilbakemeldingar og skriftleg evaluering var deltakarane godt nøgde med både programmet og gjennomføringa. Spesielt delinga i parallellsesjonar vart framheva, saman med ei strukturert gjennomføring og engasjerande forelesarar.

Foilar frå presentasjonane vert lagt ut fortløpande under fana "Dokument".

Dei som ønskjer innsyn i Bergen kommune sine fagprosedyrer for smittevern i heimetenestene kan ta kontakt med kommunen via e-post: Etat.HjemmebaserteTjenester@bergen.kommune.no

Smitteverndagen 2018 er allereie under planlegging

Vi har fått innspel til Smitteverndagen 2018 og vil ta dette med i planlegginga til neste års program. Vi tek gjerne i mot fleire innspel til aktuelle tema og førelesarar.

Følg med på kurskatalogen vår for dato og påmelding.

Vil du ha automatisk e-postvarsel når vi legg ut kurs, konferansar og andre nyhende, kan du registrere deg her og krysse av for "Helse omsorg og sosialtenester". Klikk på lenka: Abonner på nyhende frå Fylkesmannen