Omsorgstenester

Alle kommunar skal yte tenester til den som ikkje klarer seg sjølv og er avhengig av praktisk eller personleg hjelp til å greie daglege gjeremål, eller har spesielle behov. Årsaka kan vere sjukdom, funksjonshemming, alder eller anna.

Styresmaktene har vedteke “Omsorgsplanen 2015”, som tek for seg langsiktige strategiar og tiltak for å sikre gode og offentlege tenester for alle eldre og omsorgstrengande. Dei viktigaste satsingsområda er fleire tilsette i omsorgstenestene, meir kunnskap, auka samhandling og medisinsk oppfølging, forsking og kvalitetsutvikling, aktiv omsorg med vekt på kulturelle og sosiale tiltak og partnarskap med familie og lokalsamfunn.

Fylkesmannen skal vere ein pådrivar for at kommunane set omsorgstenester på dagsordenen for å møte utfordringar i framtida.

Det finst fleire typar omsorgshjelp

Hjelp til den enkelte kan bli gitt som råd og rettleiing, heimehjelp, heimesjukepleie, personleg assistanse eller anna praktisk hjelp, støttekontaktar, og avlasting eller lønn til personar med særleg tyngjande omsorgsarbeid.

Omsorgsbustad er ikkje omsorgshjelp

Tildeling av omsorgsbustad er ikkje heimla i helse- og omsorgslova, og er altså i utgangspunktet ein ordinær utleigebustad. Kommunen kan yte teneste og hjelp til den som ikkje klarer seg sjølv i ein slik bustad, på lik linje med i ordinære heimar.

Du kan klage på omsorgshjelp

Du kan klage dersom du meiner du ikkje får dei omsorgstenestene du har krav på, eller dersom du er ueinig i kommunens vurdering av behovet ditt. For at den som har gjort vedtaket du er ueinig i, skal få høve til å endre standpunkt, skal du sende klaga til kommunen. Dersom klaga ikkje når fram, vil ho bli send vidare til Fylkesmannen for endeleg avgjerd. I ei av lenkjene til høgre finn du meir informasjon om korleis du kan klage på helse- og omsorgstenester.

Vis meir


27.09.2018

Nye nasjonale faglege råd for lindrande behandling i siste delen av livet

Helsedirektoratet har kome med nye nasjonale, faglege råd om lindrande behandling i siste delen av livet: dei siste vekene, dagane og timane.


20.09.2018

Stortingsvedtak om sambuargaranti i eldreomsorga er ikkje sett i verk

Fylkesmannen i Hordaland får fleire spørsmål frå kommunane om det faktisk gjeld ein slik garanti.


29.06.2018

Kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot 2018

Tildelinga av tilskot til kompetanse- og innovasjonstiltak i dei kommunale helse- og omsorgstenestene er no ferdig.


18.06.2018

Ikkje forsvarleg oppfølging etter mistanke om seksuelle overgrep mot psykisk utviklingshemma person

Fylkesmannen har avslutta eit tilsyn med ei kommune i Hordaland si oppfølging av bebuarar etter mistanke om seksuelle overgrep. Me er komne til at kommunen har brote kravet om forsvarleg verksemd på fleire punkt i denne saka. Manglane me har avdekt er knytt til mangelfulle risikovurderingar, mangelfulle vurderingar av kva tryggingstiltak som var nødvendige, unnlating av å setja inn adekvate tiltak for å sikra bebuarane, manglande retningsliner og mangelfull journalføring. Dette viser mangelfull styring i kommunen.


30.05.2018

Betre lindrande behandling til personar med demens

Eit nytt e-læringsprogram skal gjere sjukepleiarar og helsefagarbeidarar betre rusta til å gi personar med demens gode tenester i siste fase av livet.


18.05.2018

230 personar på venteliste til sjukeheim

Helsedirektoratet har no klar den første nasjonale oversikta over personar på venteliste til sjukeheimsplass. 


02.05.2018

Personar med utviklingshemming må bli verna mot overgrep

Kva gjer du om du avdekkjer eller har mistanke om at vaksne med utviklingshemming vert utsett for overgrep?


12.04.2018

Vaksinering mot meslingar av tilsette i helse og omsorgstenestene

For å beskytte sårbare pasientar mot smitte, har Helsedirektoratet har sendt ut ei orientering om vaksinering av tilsette i helse- og omsorgstenestene mot meslingar.


27.02.2018

Årsrapport 2016 - Kompetanseløft

Kompetanseløft 2020 er regjeringa sin plan for rekruttering, kompetanse- og fagutvikling i den kommunale helse- og omsorgstenesta fram mot 2020.


22.02.2018

Tilskot til sjukeheimsplassar og omsorgsbustader i 2017

I 2017 gav Husbanken tilsegn om tilskot til å opprette 142 sjukeheimsplassar og 87 omsorgsbustader i Hordaland.


Fleire nyhende


Kontaktpersonar for omsorgstenester

Sjukeheimar, heimesjukepleie, Omsorgsplan 2015/2020: 

Beate Helland
Tlf. 55 57 22 15

Praktisk bistand/personleg assistanse, omsorgslønn/avlasting

Tor G. Turøy
Tlf. 55 57 22 22

Marta Havre
Tlf. 55 57 22 11

Smittevern sett i system

Smittevern sett i system for tilsette i pleie- og omsorgstenesta.

Infeksjonskontrollprogram for sjukeheim

Sjukeheim og døgnplassar skal ha infeksjonskontrollprogram på linje med andre helseinstitusjonar. Eit infeksjonskontrollprogram er ein plan med tiltak for å førebygge at infeksjonar oppstår og for å handtere utbrot. Det må vere lokalt tilpassa. Her er eit døme frå Bergen kommune:

Infeksjonskontrollprogram for sykehjem og langtidsinstitusjoner i Bergen kommune

Kontaktperson i Bergen kommune er Bård Kittang, bard.kittang@bergen.kommune.no