Økonomisk sosialhjelp

Den som ikkje greier å forsørgje seg sjølv, kan søkje om sosialhjelp. Hjelpa kan ytast som bidrag, lån eller garanti for lån. Økonomisk sosialhjelp skal først og fremst vere ei mellombels yting, og meininga er at den som søkjer hjelp, skal bli i stand til å hjelpe seg sjølv etter kvart. Søknader om sosialhjelp skal sendast til Nav-kontoret i kommunen.

Dersom du søkjer om sosialhjelp, må du først ha utnytta moglegheitene dine til å sørgje for deg sjølv, eller du må ha utnytta dei økonomiske rettane dine, for eksempel trygderettane. Hovudansvaret for sosialtenesta ligg i kommunane, og det er Nav-kontora som tek hand om kommunens oppgåver på dette området. Det finst rettleiande retningslinjer for kor mykje stønad kvar enkelt kan få tildelt, men kommunane har rett og plikt til å bruke skjønn og vurdere kvar sak for seg.

Fylkesmannens oppgåver

Dersom du søkjer om sosialhjelp og får avslag frå Nav, kan du klage på vedtaket. Du sender då klaga til Nav, som sender henne vidare til Fylkesmannen.

Fylkesmannen har eit tilsynsansvar som inneber rett og plikt til å føre tilsyn med om kommunen oppfyller pliktene sine etter kapittel 4 i lov om sosiale tenester i Nav. Kapittel 4 regulerer dei individuelle tenestene i lova, blant anna økonomisk stønad.

Gjeldsrådgiving

Kommunen skal tilby innbyggjarane sine økonomisk rådgiving eller gjeldsrådgiving. Denne rådgivingstenesta er ofte lagd til det lokale Nav-kontoret, og tenesta blir gitt i tråd med lov om sosiale tenester. Fylkesmannens oppgåver er retta mot kommunane og omfattar blant anna å gi opplærings- og kurstilbod til kommunens tilsette.

Vis meir


27.08.2018

Fylkesmannen omgjorde Nav-vedtak - sambuarar har ikkje underhaldsplikt for kvarandre

Sosialhjelpssøkjarar kan ha krav på sosialstønad, sjølv om vedkomande har sambuar med inntekt.


24.08.2018

Når Nav reduserer sosialstønaden fordi mottakaren bryt vilkår

Nav kan redusere sosialstønaden til dei som ikkje oppfyller vilkår som Nav set, men Nav kan ikkje gå under eit forsvarleg nivå. Når Nav reduserer må dei godtgjere at stønaden ikkje er uforsvarleg låg.


23.03.2018

Utbetalinga av sosialstønad auka med nesten 53 millionar i 2017

Tal som kommunane har rapportert inn til Statistisk sentralbyrå viser at Nav-kontora i Hordaland betalte ut 561 841 120 kroner i sosialstønad i fjor. Dette er 52 759 134 kroner meir enn året før.


23.03.2018

Meir enn tretten tusen fekk sosialstønad i Hordaland i 2017

I 2017 fekk 13 033 personar sosialstønad frå Nav-kontora her i fylket. Det er 526 fleire enn året før.


22.02.2018

Ny rettleiar om EØS-borgarar

Når ein EØS-borgar søkjer om tenester etter sosialtenestelova skal Nav-kontoret frå 2. februar 2018 vurdere om borgaren har lovleg opphald i Norge.


09.01.2018

410 sosialklagesaker i 2017

I fjor behandla Fylkesmannen 38 færre klagar på vedtak om sosialhjelp enn året før, og det utgjer ein reduksjon på 8 ½ prosent. Både i 2015 og i 2016 hadde vi auke i tale på slike klagesaker.


09.01.2018

Sosial på nett 2017

Fylkesmannen i Hordaland la i løpet av fjoråret ut 15 nettsaker under overskrifta «Økonomisk sosialhjelp». Føremålet var å informere om reglar, praksis og synspunkt når det gjeld sosialstønad.


27.12.2017

Rettleiande sosialstønadssatsar for 2018

Arbeids- og sosialdepartementet har prisjustert satsane i staten sine rettleiande retningsliner for sosialstønad. Auken er i snitt på 1,6 prosent samanlikna med satsane for 2017, i samsvar med forventa vekst i konsumprisane i nasjonalbudsjettet for 2018.


24.11.2017

Sosialstønad til husleige

Har ungdom som bur heime hjå foreldra rett på sosialstønad til husleige?


23.08.2017

Tilgjengelege tenester i Nav-kontora

Arbeids- og velferdsdirektoratet har gitt svar på Fylkesmannen i Vestfold sine spørsmål om kommunen sitt ansvar for tilgjengelege tenester etter sosialtenestelova.


Fleire nyhende


Kontaktpersonar

Aktuelt

Kontaktpersonar
økonomisk rådgjeving

Inger-Helene Søgnen
Tlf. 55 57 22 47

Øystein Breirem Jacobsen
Tlf. 55 57 22 13