LIS1 og turnusteneste for fysioterapeutar

Turnusteneste inneber at fysioterapeutar gjennomfører ei pålagd praksistid etter avslutta utdanning. For legar er det komme eit nytt utdanningsløp som erstattar den gamle turnusordninga.

I 2017 starta avviklinga av den norske turnustenesta for legar, og samstundes begynte overgangen til ei heilt ny spesialistutdanning. Den nye spesialistutdanninga er tredelt. Lege i spesialisering del 1 (LIS1) er den første delen av spesialiseringsløpet, og er felles for alle legar. LIS1 erstattar i praksis turnustenesta for legar. LIS1 blir etterfølgt av LIS2 og LIS3. Sistnemnde er spesialiseringa til dei ulike legespesialistane.

LIS1 omfattar, til liks med turnusteneste, tolv månader i sjukehus og seks månader i kommunehelsetenesta. Legar som var tilsette eller hadde fått tilbod om turnusstilling før 1. mars 2017 er dei siste som gjennomfører turnusteneste etter gammal ordning. Dei har høve til å gjennomføre og få godkjent turnus etter den gamle ordninga fram til 1. mars 2019.

Ledige LIS1-stillingar blir lyste ut vår og haust via stillingsportalen til Helsedirektoratet.

Turnusplassar for fysioterapeutar

Personar som har avslutta bachelorutdanning i fysioterapi, må gjennomføre eitt års fastlagt praktisk teneste (turnusteneste) for å få autorisasjon som fysioterapeut. Fylkesmannen i kvart enkelt fylke godkjenner turnusplassar for fysioterapeutar på sjukehus og i kommunehelsetenesta. Fylkesmannen i Troms, Hordaland og Oslo og Akershus har hovudansvaret for å skaffe nok turnusplassar i sin region (Nord-Noreg, Vestlandet og Austlandet). 

Kurs hos Fylkesmannen

Fylkesmannen tilbyr grupperettleiing og kurs for legar i spesialisering og turnusfysioterapeutar.

Vi tilbyr:

  • Kurs i offentleg helsearbeid
  • Kurs i legevaktsmedisin for legar i spesialisering, del 1 (LIS1)
  • Grupperettleiing av LIS1-legar i kommunehelsetenesta
  • Opplæring til rettleiarar som skal ha ansvar for LIS1-legar i kommunehelsetenesta
  • Opplæring til rettleiarar for turnusfysioterapeutar

Fylkesmannen refunderer reiseutgifter du har hatt i samband med kurs og rettleiing. 

Vis meir

For LIS1-legar i kommunehelsetenesta

Har du spørsmål om tenesta for legar i spesialisering i kommunehelsetenesta, kontakt Martin Haugen eller Sjur Lehmann. Sjå "Kontaktpersonar".

For å få innblikk i korleis LIS1-legane opplever tenesta i kommunen, ber vi om evaluering frå legen undervegs i perioden. Vi sender spørsmåla i lenke på e-post.

For turnusfysioterapeutar

Har du spørsmål om turnustenesta for fysioterapeutar, kontakt Anne Grete Robøle. Sjå "Kontaktpersonar". 

Evaluering av turnusteneste for fysioterapeut (nynorsk) - Word / Pdf

Evaluering av turnustjeneste for fysioterapeut (bokmål) - Word / Pdf

Rettleiing til evaluering


25.07.2018

Kurs for LIS1-legar hausten 2018

Startar du som LIS1-lege i kommunehelsetenesta 1. september 2018? Her kan du melde deg på kurs for LIS1-legar i Hordaland.


07.02.2018

Kurs for turnuslegar våren 2018

Startar du som turnuslege i kommunehelsetenesta 1. mars 2018? Her kan du melde deg på kurs for turnuslegar i Hordaland.


13.07.2017

Velkommen som turnuslege i Hordaland

Skal du arbeide som turnuslege i kommunehelsetenesta? Her finn du informasjon om kva rettar og plikter du har, og kva du kan forvente av arbeidsgjevar.


02.01.2017

Kurs for turnuslegar hausten 2017

Startar du som turnuslege i kommunehelsetenesta 1. september 2017? Her kan du melde deg på kurs for turnuslegar i Hordaland.


02.01.2017

Kurs for turnuslegar våren 2017

Startar du som turnuslege i kommunehelsetenesta 1. mars 2017? Her kan du melde deg på kurs for turnuslegar i Hordaland.


08.07.2016

Kurs for turnuslegar hausten 2016

Startar du som turnuslege i kommunehelsetenesta 1. september 2016? Her kan du melde deg på kurs for turnuslegar i Hordaland.


26.11.2015

Kurs for turnuslegar våren 2016

Startar du som turnuslege i kommunehelsetenesta 1. mars 2016? Her er kursa for deg som har turnus i Hordaland.


24.06.2015

Kurs for turnuslegar hausten 2015

Er du turnuslege i kommunehelsetenesta frå 1. september? Her finn du datoar for turnuskurs i Hordaland hausten 2015.


11.11.2014

Kurs for turnuslegar våren 2015

Startar du som turnuslege i kommunehelsetenesta 1. mars 2015? Her er kursa for deg som har turnus i Hordaland.


05.08.2014

Kurs for turnuslegar hausten 2014

Er du turnuslege i kommunehelsetenesta frå 1. september 2014? Her er datoane for kurs og samlingar denne hausten.


Fleire nyhende