Hopp til innhald

Kvalifiseringsprogrammet (KVP)

Målgruppa for kvalifiseringsprogrammet er personar som har levd på sosialhjelp over lang tid eller står i fare for å verte langtidsmottakar av sosialhjelp, har liten eller ingen knyting til arbeidslivet, manglar grunnleggjande skulegong og utdanning, har fysiske og psykiske plager eller slit med rusproblem. Det er eit krav for å få programmet at personen kan nyttiggjere seg programmet.

Personer som deltek i kvalifiseringsprogrammet får rett til kvalifiseringsstønad. Programmet varer i inntil eit år, og kan forlengast. Det er berre mogeleg å få programmet ein gong.

Kjelde: www.nav.no og Rundskriv nr. 35 til sosialtenestelova