Kvalifiseringsprogrammet

Kvalifiseringsprogrammet skal medverke til at fleire med nedsett arbeids- og inntektsevne og med få eller ingen ytingar frå folketrygda kvalifiserer seg til og kjem ut i arbeid. Dette skal skje gjennom tettare og meir forpliktande bistand og oppfølging frå Nav.

Kven kan delta i programmet?

Målet med kvalifiseringsprogrammet er å styrkje innsatsen overfor personar som er eller kan bli avhengige av sosialstønad over lengre tid. Alle i yrkesaktiv alder som har nedsett arbeids- og inntektsgrense og ingen eller avgrensa ytingar til livsopphald, kan ha rett til å delta i programmet. Programmet skal vere heilårleg og på full tid. Deltaking i eit kvalifiseringsprogram gir rett til kvalifiseringsstønad. Sidan denne stønaden er føreseieleg, gir han mottakaren høve til å planleggje økonomien sin over tid.  

Kvalifiseringsprogrammet er styresmaktene sitt viktigaste verkemiddel i kampen mot fattigdom.

Fylkesmannens oppgåver

Fylkesmannen har fleire oppgåver i samband med kvalifiseringsprogrammet. Fylkesmannen skal blant anna 

  • føre tilsyn med Nav-kontora
  • gi opplæring til tilsette ved Nav-kontora om kvalifiseringsprogrammet
  • sikre forankring i leiinga i kommunane
  • samordne tiltaks- og kompetanseaktivitetar i kvalifiseringsprogrammet mot Nav Fylke
  • gi rettleiing, formidle kunnskap og setje i verk kompetansehevande tiltak for leiinga og tilsette ved Nav-kontora
  • behandle klagesaker

Vis meir


17.07.2018

Kvalifiseringsstønad skal ikkje avkortast mot fosterheimsgodtgjersle

Arbeids- og velferdsdirektoratet har konkludert med dette i ein uttale til Fylkesmannen.


13.07.2017

Nettverkssamlingar for kvalifiseringsprogrammet

Nettverket er for Nav-tilsette som følgjer opp deltakarar i kvalifiseringsprogrammet. Nettverket har samlingar på Statens hus i Bergen.


13.07.2017

Ferdig med kvalifiseringsprogrammet - kva no?

Kvalifiseringsprogrammet (KVP) er eit tilbod til personar som står langt frå arbeidslivet, men som ønskjer arbeid, og treng ekstra oppfølging for å klare det. Nav-kontora sine tal for 2016 viser at 44 prosent av dei som har vore i kvalifiseringsprogrammet i Hordaland går over til arbeid, mens det på landsbasis er 43 prosent.


25.06.2015

Nettverkssamlingar for kvalifiseringsprogrammet 2015

Nettverket er for Nav-tilsette som følgjer opp deltakarar i kvalifiseringsprogrammet. Her finn du oppdatert oversikt over samlingane i 2015.


22.04.2015

Tilsyn avdekte at ikkje alt var på stell i Nav, heller ikkje i Hordaland

Fylkesmennene gjennomførte i 2013 og 2014 eit landsdekkande tilsyn med kommunane sitt arbeid med kvalifiseringsprogrammet. Statens helsetilsyn har no samanfatta tilsyna i ein eigen rapport, og dei konkluderer med at praksis ved Nav-kontora ikkje alltid er i samsvar med lova.



12.03.2015

Det var forholdsvis fleire som gjekk frå kvalifiseringsprogram og over til sosialhjelp i Hordaland enn i landet elles

Det er Arbeids- og velferdsdirektoratets årsrapport om kvalifiseringsprogrammet som viser denne skilnaden mellom vårt fylke og dei nasjonale tala for 2014.


28.11.2014

Tilsyn med Nav Os. Tildeling og gjennomføring av kvalifiseringsprogram

Fylkesmannen har ført tilsyn med tildeling og gjennomføring av kvalifiseringsprogram ved Nav Os. Vi avdekte manglar ved kommunen si styring av denne tenesta. Os kommune har fått frist til 28. februar 2015 til å setje i verk tiltak for å rette manglane.


20.10.2014

Status for kvalifiseringsprogrammet

Ved Nav-kontora i Hordaland var det 464 deltakarar i kvalifiseringsprogram ved utgangen av august 2014. Dette er 47 færre enn på same tidspunkt i 2013.


20.02.2014

Nettverkssamlingar for kvalifiseringsprogrammet 2014

Nettverket er for Nav-tilsette som følgjer opp deltakarar i kvalifiseringsprogrammet. Her finn du oppdatert oversikt over tema på dei ulike samlingane i 2014.


04.02.2014

Planlagte tilsyn 2014 – barnevern, sosial, helse og omsorg

Målet er 30 planlagte tilsyn med kommunale tenester.


Fleire nyhende