Bergen kommune har ikkje følgd godt nok med

Dette er konklusjonen i tilsynet med kommunen si oppfølging av krisesentertilbodet.

Alle kommunane skal ha tilbod om krisesenter for kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar om vald i nære relasjonar. 

Bergen kommune har inngått avtale med ein privat leverandør som skal levere tenestene. 

Kommunen skal kontrollere at tenestene er trygge og i samsvar med lovpålagte krav. 

Fylkesmannen skal føre tilsyn med at kommunen oppfyller krav i krisesenterlova §§ 2, 3, 4 og 8.

Dette tilsynet var avgrensa til å undersøkje korleis kommunen har følgd opp og kontrollert om krisesenteret utfører oppgåvene i samsvar med krav i lov og forskrift.    

Rapporten frå tilsynet ligg under fana "Dokument".