Krisesenter

Eit krisesenter er ein institusjon som tek imot personar som er utsette for vald i nære relasjonar.

Krisesenterlova

Det er kommunen som skal sørgje for at det finst eit tilbod om krisesenter for alle som treng det. Kommunen skal òg sørgje for at krisesenteret oppfyller krava i krisesenterlova. Formålet med denne lova er å sikre at det finst eit godt tilbod til kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar om vald frå nokon som står dei nær.  

  • Eit krisesenter er eit tilbod om ein mellombels stad å bu. Det skal vere gratis, døgnope og tilgjengeleg heile året.
  • Tilbodet skal vere tilrettelagt for kvar enkelt brukar.
  • Krisesenteret og andre offentlege tenester skal vere samordna og gi brukaren heilskapleg oppfølging.
  • Dei som har budd i krisesenter, skal få tilbod om oppfølging etter at dei har flytta ut.  

Krisesenterlova pålegg kommunen å føre internkontroll med at krisesenteret og den verksemda krisesentertilbodet omfattar, er i samsvar med gjeldande regelverk.   

Fylkesmannens ansvar

Fylkesmannen fører tilsyn med at kommunen følgjer opp oppgåvene sine etter føresegnene i krisesenterlova. Fylkesmannens tilsyn rettar seg mot kommunen, ikkje det enkelte krisesenteret.

Vis meir


19.04.2017

Forskrift om krav til fysisk sikring av krisesenterlokale

Den nye forskrifta konkretiserer krava til fysisk sikring, set minstestandard for sikkerheitstiltaka og krev at dei tilsette lagar individuelle risikovurderingar.


18.03.2016

Kartlegging av krisesenter i Hordaland

30 av 33 kommunar stadfester at dei har eit generelt krisesentertilbod til sine innbyggjarar. Ikkje alle svarer at dei har eit tilrettelagt tilbod til personar som har problem med rus og/eller psykisk helse, personar med funksjonshemming og valdsutsette menn og deira born.


21.11.2012

Ny kartlegging av krisesentertibodet i Hordaland

Ei kartlegging av krisesentertilbodet i 2011 viste eit utstrekt samarbeid om krisesentera i Bergen, Stord og Voss. Denne gongen spør Fylkesmannen dei tre vertskommunane om status for dette samarbeidet no og ber om tilbakemelding innan 15. desember 2012.