Sotra legevakt - mykje på plass, eitt lovbrot
Tilsynet med Sotra legevakt viste at dei som tek imot telefonar frå folk som treng hjelp, ikkje har felles verktøy eller felles praksis for å innhente opplysningar dei treng for å prioritere hastegrad.
Denne saka er skriven før 1.1. 2021 då Fylkesmannen endra namn til Statsforvaltaren.
Mykje var på plass ved Sotra legevakt, men lovbrotet utgjer ein risiko for at legevakta ikkje får nok og rett informasjon til å prioritere kor mykje hjelpa hastar. Vi har ikkje opplysningar om at dette har hatt alvorlege konsekvensar for einskildpersonar.
Les rapporten her.