Mann fekk ikkje forsvarleg behandling og døydde

Fylkesmannen i Hordaland har hatt tilsyn med Haukeland universitetssjukehus etter at ein mann med hjartesjukdom døydde medan han venta på behandling i akuttmottaket. Det var mange alvorleg sjuke pasientar som kravde behandling på same tid og det var ikkje nok legar og sjukepleiarar til å ta seg av alle. Mannen blei liggjande utan tilsyn.

Alvorleg sjuk mann

Mannen kom inn med brystsmerter og tilstanden blei vurdert til å ha nest høgaste hastegrad («oransje»). Etter avklaring av hastegrad blei han lagt på rom for seg sjølv. Det var fleire livstrugande sjuke («raude») pasientar i mottaket som helsepersonellet måtte prioritere. Då mannen blei sett til over ein time seinare, var det for seint. Sjukehuset varsla straks Helsetilsynet om hendinga og Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte tilsyn på staden med intervju av involvert helsepersonell og leiarar.

Kjent at pasienttryggleiken var truga

Leiinga har lenge kjent til at pasienttryggleiken var truga, men har ikkje klart å kome fram til løysingar slik at pasientar får rask nok behandling og tilsyn så ofte som tilstanden krev. Bemanninga i akuttmottaket har vore for låg, og det gjeld både legar og sjukepleiarar. Den alvorlege hendinga er eit symptom på eit underliggande styringsproblem. Dei som jobbar i akuttmottak kan ikkje haldast ansvarleg for svikta.

Leiarar må ta større ansvar

Tre avdelingsdirektørar, ein avdelingsoverlege og administrerande direktør får ansvaret for svikta. Sjukehuset har alt sett i verk strakstiltak etter hendinga og har utarbeidd langsiktige tiltak som styrkar bemanninga og pasienttryggleiken.