Tiltak mot MRSA – oppfølging av personar som arbeidar med svinebesetningar

Det er no forskriftsfesta at personar som arbeidar eller på annan måte er i kontakt med gris i gitte tilfelle skal nytte beskyttelsesutstyr og la seg teste mot multiresistente bakteriar (MRSA). Kommunen har ansvar for smittevernhjelpa.

Bakgrunn

MRSA er ein antibiotikaresistent bakterie som kan smitte mellom menneske og dyr. Målsettinga med å halde svinehaldet fritt for MRSA er å hindre at det blir bygd opp eit nytt smittereservoar for befolkninga og å unngå økte kostnader i helsevesenet.

Bakteriar som er resistente mot antibiotika er ein global trussel mot effektiv medisinsk behandling. Verdens helseorganisasjon (WHO) har slege fast at dette er ei av dei største helsetruslane verda står overfor. Infeksjonar som i dag vert rekna som ufarlege kan bli eit alvorleg helseproblem og ein hyppig dødsårsak.

Forskrift om smitteforebyggende tiltak mot visse antibiotikaresistente bakterier hos svin

For å beskytte dyr mot smitte med antibiotikaresistente bakteriar frå menneske er personar som har vore i visse situasjonar dei siste 12 månadane no pålagt å nytte beskyttelsesutstyr når dei skal ha kontakt med gris eller er i same bygning som gris. Kva situasjonar dette gjeld, går fram av forskrifta paragraf 5. Personar som kan dokumentera at dei har testa negativt for den antibiotikaresistente bakterien MRSA får fritak frå denne plikta.

Kommunen sitt ansvar

Ansvaret for vern mot smittsame sjukdomar ligg hos kommunen. Smittevernarbeidet i kommunen skal gå føre seg etter ein smittevernplan. Testing for MRSA av personar skal skje i høve til MRSA-rettleiaren til Folkehelseinstituttet. Kommunen har plikt til å tilby smittevernhjelp til personar som ikkje har fastlege.

MRSA er definert som ein allmennfarleg smittsam sjukdom etter smittevernlova. Ein person har rett til undersøking når det ligg føre grunn til mistanke om smitte med MRSA. Utgifter til dekning av legehjelp med utgreiing og behandling vert dekt av folketrygda. Dette gjeld sjølv om vedkommande ikkje er medlem i folketrygda.