Seksuell trakassering i helsetenesta kan påverke pasienttryggleiken

Det er arbeidsgjevar som har det største ansvaret for å førebyggje og handtere seksuell trakassering i helsetenesta, men dette kan og bli ei sak for tilsynsmyndigheita. Eit døme på dette kan vere om ein underordna lege kvir seg for å kontakte bakvakta på grunn av trakassering og at pasienttryggleiken dermed blir redusert.

3600 kvinnelege legar og studentar har nyleg skrive under på eit opprop med formål å stoppe trakassering og maktmisbruk frå kollegaer. I ei spørjeundersøking hevdar ein av fem kvinnelege legar at dei har opplevd overgrep eller seksuell trakassering frå andre tilsette i helsevesenet. Vi reknar med at dette ikkje berre gjeld legane i helsetenesta.

Eit trygt arbeidsmiljø er viktig for å kunne yte forsvarleg behandling og omsorgsfull hjelp. Dette kan være ei utfordring dersom ein blir utsett for press, fysiske tilnærmingar eller støytande kommentarar.

Fylkesmannen skal møte urett med rett og sjå til at helsetenestene er fagleg forsvarlege og forebygge svikt. Det er likevel arbeidsgivar som har hovudansvaret for arbeidsmiljøet, handlingar og oppførsel hos tilsette.

Historiene til legane viser at det ofte er ein overordna som står bak trakasseringa. Asymmetriske makttilhøve kan gjere det vanskeleg å rapportere dette vidare. Måten leiarane har handsama sakene på har vore varierande og nokre har opplevd at dei ikkje fekk den støtta og hjelpa dei hadde bruk for i slike situasjonar.

I oppropet krev legane mellom anna at temaet blir tatt opp i undervisning av studentar. Dei krev og tiltak for å motarbeide sexistiske og nedlatande haldningar mot kvinner og betre varslingsrutinar med tydeleg ansvarsfordeling.

Fylkesmannen meiner at dette er viktige tema som bør takast opp i undervisning av alt helsepersonell.