Haukeland Universitetssjukehus først i mål: pasientar med blodforgifting (sepsis) får rett og rask behandling

Statens helsetilsyn har oppsummert det landsomfattande tilsynet med sepsis. Alle sjukehusa hadde pasientar med alvorleg sepsis og organsvikt som måtte vente uforsvarleg lenge før dei fekk forsvarleg behandling.

24 sjukehus fekk tilsyn med korleis pasientar med sepsis blir tatt imot og behandla i akuttmottak. Tilsynet vart gjennomført i 2016-2018. Dei fire største sjukehusa i Helse Vest deltok. Tilsynet med Stavanger Universitetssjukehus, Haugesund sjukehus, Haukeland Universitetssjukehus og Førde sjukehus blei gjennomført våren 2016. Dei hadde alle pasientar med alvorleg sepsis med organsvikt som ikkje fekk forsvarleg behandling. Sjukehusleiinga hadde heller ikkje oversikt og styring med forløpet til denne pasientgruppa.

Pasientar med sepsis treng rask behandling

Sepsis kan opptre ved ulike infeksjonar og oppstår som ein følgje av at bakterier eller andre mikroorganismer har komen over i blodbana. Ved sepsis sprer mikroorganismene seg i blodet og kan utløse ein alvorleg betennelsestilstand. Dette fører til livstruande organdysfunksjon i vitale organ. Det er difor svært viktig å starte rett behandling fort. Sein oppstart av behandling øker risiko for død.

Sjukehusa har arbeidd godt etter tilsyna våren 2016

Alle sjukehusa her i vest har arbeida godt med å forstå årsakene til at mange pasientar fekk for sein behandling. Alle har gjort organisatoriske endringar og alle har styrka fagleg kompetanse i akuttmottak, endra rutinar, jobba med kultur og jobba med å følgje med på resultata. Ein av sukessfaktorane for å lukkast, har vore at arbeidet har vore godt forankra i øvste leiinga. Dei har følgd med på handlingsplanane og gitt rammar som har gjort det mogeleg å løyse. Og dei etterspør resultat.

Av dei 24 sjukehusa som fekk tilsyn, var Haukeland Universitetssjukehus det første i landet som viste at forbetringane dei hadde gjennomført gav ønska resultat for alle pasientane med sepsis. Stavanger sjukehus og sjukehusa i Haugesund og Førde arbeider godt med å gjere forbetringar og vi reknar med at dei snart og er i mål.