Arbeidsgjevar skal kontrollere at helsepersonell har gyldig lisens eller autorisasjon

Opplysningane om godkjenning er tilgjengelege i Helsepersonellregisteret.

Autorisasjon og lisens gir rett til å bruke beskytta tittel og å vere oppført i Helsepersonellregisteret. Føremålet med dei offentlege godkjenningsordningane er å bidra til tryggleik for pasientar, kvalitet og tillit til helsepersonell og helsetenester.

Hittil i år har vi fått 39 meldingar frå Helsedirektoratet om tilsette i kommunar, spesialisthelsetenester og private verksemder som har vore i arbeid i lengre tid utan autorisasjon.

Det er ingen gode grunnar til ikkje å passe på at tilsette har gyldig lisens eller autorisasjon.

I 2010 publiserte Helsedirektoratet rettleiaren «Gode rutiner – gode tilsettinger». Rettleiaren kan vere til hjelp ved iverksetting av rutinar for å kontrollere godkjenningsstatus. 

Kontaktpersonar