Helsetenester

Du har krav på å få nødvendig helsehjelp i kommunen der du bur, eller der du for tida oppheld deg. Du har òg krav på å få nødvendig helsehjelp frå spesialisthelsetenesta. Fylkesmannen fører tilsyn med helsetenesta og behandlar klagesaker for å medverke til at du får dei tenestene du har krav på.

Du kan klage på at du ikkje får oppfylt rettane dine 

Du kan klage dersom du meiner at du ikkje får dei helsetenestene du har krav på, eller dersom du er ueinig i helsetenesta si vurdering av behandlingsbehovet ditt. For at den som har gjort det vedtaket du er ueinig i, skal få høve til å endre standpunkt, skal du sende klaga dit. Dersom du ikkje får medhald i klaga, vil ho bli send vidare til Fylkesmannen for endeleg avgjerd. Fylkesmannens vedtak er endeleg, og den aktuelle helsetenesta vil måtte rette seg etter det.

Du kan be Fylkesmannen vurdere om helsetenesta har oppfylt pliktene sine

Fylkesmannen vil også kunne ta stilling til om tilsette i helse- og omsorgstenesta har forsømt pliktene sine slik at det har gått ut over deg. Det kan dreie seg om dei fleste plikter, blant anna manglande fagleg forsvarleg behandling og brot på teieplikta. Du ber om dette ved å sende brev til Fylkesmannen. Ved særleg grove rettsbrot vil Fylkesmannen sende saka vidare til Statens helsetilsyn, som blant anna kan gi åtvaring til helsepersonell eller gjere vedtak om tap av autorisasjon.

Det er viktig å understreke at Fylkesmannens vurdering i desse sakene ikkje får direkte innverknad på rettane til klagaren. Sjølv om du har fått uforsvarleg behandling, har du ikkje automatisk rett til erstatning eller ny behandling. I ei av lenkjene til høgre finn du meir informasjon om korleis du kan klage på helse- og omsorgstenester.

Vis meir


14.12.2018

Mann fekk ikkje forsvarleg behandling og døydde

Fylkesmannen i Hordaland har hatt tilsyn med Haukeland universitetssjukehus etter at ein mann med hjartesjukdom døydde medan han venta på behandling i akuttmottaket. Det var mange alvorleg sjuke pasientar som kravde behandling på same tid og det var ikkje nok legar og sjukepleiarar til å ta seg av alle. Mannen blei liggjande utan tilsyn.


07.12.2018

Teikn til organsvikt ved blodforgifting blei ikkje tatt på alvor

Ein mann som var operert døde etter at han fekk blodforgifting på grunn av infeksjon i operasjonssåret. Han starta med antibiotika på Førde sjukehus og blei flytta til Haukeland Universitetssjukehus for vidare behandling. Verken helsepersonellet i Førde eller Bergen forstod kor alvorleg sjuk han var. Begynnande organsvikt blei ikkje fanga opp. Han fekk ikkje forsvarleg behandling.


29.11.2018

Vi undersøker alvorlege hendingar på staden

Hendingar i sjukehusa som får eit alvorleg og uventa utfall skal straks varslast til Statens helsetilsyn. Dei fleste sakene blir sendt vidare til fylkesmannen for undersøking. Vi reiser oftare enn før ut til sjukehusa og gjennomfører tilsynet der hendinga skjedde. Vi har god erfaring med denne måten å gå fram på. Leiarar og helsepersonell gir og gode tilbakemeldingar på dette. Sakene blir betre opplyst og raskare konkludert.


09.11.2018

Næraste pårørande til vaksne har som hovudregel ikkje klagerett på avgjerder om helse- og omsorgstenester

Helse- og omsorgsdepartementet har avklart at næraste pårørande ikkje har klagerett på vegne av vaksne som manglar samtykkekompetanse. For dei som manglar samtykkekompetanse må det oppnemnast verje, dersom vedkommande sjølv ikkje kan gi gyldig fullmakt.


18.10.2018

Sotra legevakt - mykje på plass, eitt lovbrot

Tilsynet med Sotra legevakt viste at dei som tek imot telefonar frå folk som treng hjelp, ikkje har felles verktøy eller felles praksis for å innhente opplysningar dei treng for å prioritere hastegrad.


16.10.2018

Fylkesmannen oppfordrar helsepersonell til å ta influensavaksinen

Vaksinasjon av helsepersonell er eit av temaa på Smitteverndagen 2018.


09.10.2018

Tilbod til endring av levevanar

28 av 33 kommunar har lågterskeltilbod helsetilbod for endring av levevanar. 12 gir tilbod i frisklivssentral.


08.10.2018

Større merksemd på risiko for blodpropp

Fylkesmannen behandlar årleg mange klage- og tilsynssaker der helsehjelpa er påklaga. Vi ser fleire saker der pasientar har fått blodpropp medan dei har fått medisinsk behandling. I nokre av tilfella har blodproppen satt seg i lungeblodkara og ført til lungeemboli, ein alvorleg tilstand med høg risiko for død. Kan eit større fokus på individuelle vurderingar av blodpropprisiko føre til betre pasientsikkerheit?


08.10.2018

Svikt i samhandling mellom helseføretak

I tilsynssak med Helse Fonna og Helse Stavanger har Fylkesmannen i Hordaland konkludert med at samarbeidet mellom føretaka ikkje var godt nok. Ein pasient med hjarteinfarkt fekk forseinka behandling som fylje av svikta.


02.10.2018

Stiftelsen Bergensklinikkene har ikkje brote teieplikta

Leiinga ved Stiftelsen Bergensklinikkene hadde høve til å la ein merkantilt tilsett hente ut opplysningar frå pasientjournal for å kartlegge kor mange pasientar som hadde reist frå klinikken før avtalt utskrivingsdato.


Fleire nyhende