Førarkort

Alle som skal søkje om førarkort eller fornye førarkortet sitt, må fylle ut ei eigenerklæring om helse på trafikkstasjonen. Eigenerklæringa skal stadfeste at du er frisk nok til å køyre. Dersom du har ein sjukdom eller ein tilstand som kan verke inn på køyreevna, må du i tillegg få helseattest frå legen din. 

Dei som skal ha førarkort i gruppe 2 og 3 må alltid ha helseattest frå lege.

Dersom du er i tvil om du kan køyre trygt på grunn av helseproblem eller medisinbruk, har du plikt til å oppsøkje lege. Om ein lege, psykolog eller optikar meiner at helsekrava for å ha førarkort ikkje er oppfylte, skal han eller ho melde frå om det til Fylkesmannen dersom helsekrava ikkje vil vere oppfylte innan seks månader. Fylkesmannen informerer politiet dersom førarkortet bør tilbakekallast heilt eller delvis. Politiet har også mynde til å gje tilbake føreretten.

Dispensasjon

Dei nye helsekrava som tok til å gjelde frå oktober 2016 er tilpassa førarkortdirektivet i EU, der omsynet til trafikktryggleik veg tungt.

Dersom fastlegen (eller ein annan lege) konkluderer med at pasienten ikkje fyller helsekrava til førarkort, er det svært vanskeleg å få innvilga ein søknad om dispensasjon. Som ein overgangsordning fram til 30. september 2019 kan Fylkesmannen likevel fornye tidlegare dispensasjonar dersom søkjaren har tungtvegande behov for å få fornya førarkortet.

Klage

Dersom du har fått avslag på ein søknad om dispensasjon, kan du klage på vedtaket. Fylkesmannen vil da gå gjennom saka på nytt, og vurdere om det er grunnlag for å endre vedtaket. Dersom vi opprettheld vedtaket vårt, sender vi saka vidare til Helseklage for ny behandling.

Vis meir


31.10.2017

Endring av helsekrav til førarkort - medikamentbruk

Trafikkstyresmaktene har oppheva paragraf 36 nr. 8 i helsekrav til førarkort med verknad frå 26. oktober 2017. Det betyr at medikamenta i gruppene antipsykotika, antiepileptika og antidepressiva ikkje blir omfatta av paragraf 37. Det blir lettare å oppfylle helsekrav til førarkort for personar som bruker medikament mot epilepsi, depresjon eller psykose.


03.05.2017

Førarkortrettleiaren er oppdatert

Helsedirektoratet har frå 1. mai 2017 presisert helsekrav til førarkort.


07.03.2017

Fylkesmannen arbeider framleis med å betre trafikktryggleiken

I oktober 2016 innførte vegstyresmaktene eit heilt nytt regelsett for helsekrav til førarkort. Helsekrava blei endra slik at legar, psykologar og optikarar nå tek avgjerd i mange saker som Fylkesmannen behandla før. 


29.12.2016

Ny førarkortrettleiar og legemiddelkalkulator

Ny rettleiar til førarkortforskrifta og ein legemiddelkalkulator kan hjelpe legen til å vurdere kven som fyller helsekrava for å køyre. 


04.10.2016

Nye helsekrav til førarkort

Frå 1. oktober 2016 gjeld nytt regelverk om krav til helse for å ha førarkort. Av dei som tidlegare fekk dispensasjon frå Fylkesmannen vil dei fleste nå fylle helsekrav etter definerte føresetnader. Enkelte vil miste føreretten etter dei nye helsekrava.


18.07.2016

Stadig fleire førarkortsaker i Hordaland

Fylkesmannen i Hordaland behandla i løpet av første halvår 1649 førarkortsaker, mot 1572 saker i same periode i fjor.


23.06.2016

Informasjonsmøte om nye helsekrav

I samband med innføring av nye helsekrav til førarkort inviterer Fylkesmannen legar, psykologar og optikarar til informasjonsmøte i Odda, på Stord og på Voss.


24.05.2016

Nye helsekrav til førarkort

Helsedirektoratet har varsla fylkesmennene om at nytt regelverk om helsekrav til førarkort trer i kraft frå 1. oktober 2016. Fylkesmannen i Hordaland inviterer legane i fylket til kurs om dei nye helsekrava og om rolla til legen i førarkortsaker.


19.05.2016

Saksbehandlingstid i førarkortsaker

Fylkesmannen i Hordaland har kort saksbehandlingstid i førarkortsaker. Det er likevel lurt å vere ute i god tid med søknad om dispensasjon.


03.03.2016

Førarkort og helse i Hordaland 2015

Fylkesmannen behandla over 3000 førarkortsaker i 2015. Vår rolle i trafikktryggleiksarbeidet er mellom anna å vurdere om førarar fyller helsekrava til førarkort, og å ta stilling til kven som kan få kjøre trass i at dei ikkje fyller desse krava.


Fleire nyhende