Snakk om det! Om skam, identitet og mangfald - velkomne til konferanse 13. november 2017

Fylkesmannen i Hordaland inviterer lærarar, helsepersonell, frivillige, barnevernarbeidarar, kulturarbeidarar og alle andre interesserte til konferanse i Bergen  om korleis vi kan betre kunnskapen og kommunikasjonen om seksuell helse.

«Seksualundervisningen vi har i dag, lærer oss at sex er det samme som penis i vagina, og at kjønnssykdommer er kjipt. Seksualundervisninga er latterlig, klein, 80-talls, og den unnlater glatt å lære ungdom om det mest grunnleggende som har med sex å gjøre: Nemlig identitet.» Dette skreiv  leiar for Elevorganisasjonen i Hordaland Agathe Brautaset Waage i BT 15. mars 2016

Før jul i fjor la regjeringa fram sin nye strategi for seksuell helse. Her tek dei utgangspunkt i seksualitet som positiv ressurs for alle gjennom heile livsløpet, og er ikkje berre ein plan for å avgrense dei negative følgjene av seksuelle handlingar som uønskte svangerskap og seksuelt overførte sjukdommar. Strategien, som har fått namnet Snakk om det, er utgangspunkt for Fylkesmannens konferanse 13. november.

Her har vi invitert eit knippe innleiarar til å peike på kva som er viktig å snakke om no. I tillegg til Helsedirektoratets presentasjon av strategien og aktuell nasjonal politikk på området, vil

  • språkvitar Kristin Fridtun snakke om behovet for eit kjønnsnøytralt språk,
  • gynekolog og leiar for abortregisteret Mette Løkeland sjå på nedgangen i aborttal og behovet for å snakke meir om skamfylte helsetilstandar som til dømes vestibulitt.
  • David Martinez med følge fortel om kva innvandrargutane i Møhlenpris idrettsklubb  meiner dei treng å snakke om.
  • Joakim Aadland frå Fri peiker på integrering og likestilling som føresetnader for god helse.
  • Dagens leiar i Elevorganisasjonen i Hordaland, Alida de Lange D’Agostino, fortel kva skuleelevane vil ha meir av og ventar seg frå skule og helsevesen.
  • Den erfarne helsesystera og høgskulelektoren, Agnes Giertsen, gir si framstilling av dagens skule og helseteneste.

Til sist kjem byrådane Erlend Horne og Pål Hafstad Thorsen og fortel korleis kommunen vil følgje opp forventningane frå ungdomspolitikarane til Regnbogebyen Bergen og morgondagens seksualundervisning.