Folkehelse

Folkehelsearbeidet er samfunnets felles innsats for å ta vare på, betre og fremme folks helse og redusere faktorar som kan medføre helserisiko. Folkehelsa er eit uttrykk for helsetilstanden i befolkninga og korleis helse fordeler seg mellom ulike sosiale lag i befolkninga. Folkehelsearbeidet skal òg medverke til utjamning av sosiale helseforskjellar.

Folkehelse er viktig i samhandlingsreforma

Førebyggjande og helsefremmande arbeid er viktig både i og utanfor helsesektoren. Med folkehelselova har fylkeskommunane og kommunane fått hovudansvaret for det breie samfunnsretta folkehelsearbeidet.

Fylkesmannen skal sikre at det blir teke omsyn til folkehelsa i planar

Fylkesmannen skal medverke til å gjennomføre statlege satsingar på folkehelseområdet. Det breie folkehelsearbeidet skal sikre ei berekraftig samfunnsutvikling, og planlegging blir derfor eit sentralt verkemiddel. Gjennom råd og rettleiing til kommunar og andre aktørar skal Fylkesmannen vere med på å sikre at folkehelse inngår i kommunale, regionale og statlege planar. Fylkesmannen skal medverke til forpliktande samhandling mellom aktørane.

Fylkesmannen kan føre tilsyn med at kommunane og fylkeskommunane oppfyller pliktene sine på folkehelseområdet.

Vis meir


12.04.2018

Vaksinering mot meslingar av tilsette i helse og omsorgstenestene

For å beskytte sårbare pasientar mot smitte, har Helsedirektoratet har sendt ut ei orientering om vaksinering av tilsette i helse- og omsorgstenestene mot meslingar.


01.03.2018

Folkehelsepolitisk rapport – Indikatorer for det tverrsektorielle folkehelsearbeidet

Rapporten gir ei samla oversikt over utviklinga på samfunnsområde som innverkar på helse og skilnader i helsetilstand og kva verkemiddel og tiltak som kan bidra ei jamnare fordeling av goder og ressursar.


16.02.2018

Folkehelseprofilar for kommunar og bydelar 2018

Folkehelseprofilane til kommunane har fått fire nye indikatorar i år. Tema for 2018 er alkohol og rusmidlar. Profilen til fylka kjem i mars.


01.02.2018

Planlegg kommunane for ei aldrande befolkning – og korleis gjer dei det?

Innbyggarane i Noreg blir stadig eldre, og stadig fleire av oss blir over 67 år. I nokre kommunar vil personar over 67 år utgjere nærare ein tredjedel av befolkninga i 2030. Dette må kommunane tilpasse sine tilbod til.


15.01.2018

Ta seniorane med i kommunal planlegging

I samband med regjeringa sin strategi for eit meir aldersvenleg samfunn, har Høyskolen i Akershus på oppdrag frå Helsedirektoratet prøvd ut ein eigen modell for medverknad frå eldre innbyggjarar.


27.11.2017

Fylkesmannen følgjer med på smittevern- og helseberedskapsplanar

Fylkesmannen skal følgje med på at kommunane i fylket har oppdaterte smittevernplanar i tråd med kravet i smittevernlova. Smittevernplanen skal sjåast i samanheng med plan for helsemessig og sosial beredskap. Kommunane må planleggje for og vere førebudd på å få hendingar innan smittevern og helseberedskap heile året. 


21.11.2017

Fylkesmannen ber om innspel til oppfølginga av strategien for seksuell helse

På konferansen om seksuell helse diskuterte deltakarane kjærleikens vilkår i samfunnet og behovet for å kvitte seg med diskriminerande gruppetenking. Kva meiner du?


21.09.2017

Snakk om det! Om skam, identitet og mangfald - velkomne til konferanse 13. november 2017

Fylkesmannen i Hordaland inviterer lærarar, helsepersonell, frivillige, barnevernarbeidarar, kulturarbeidarar og alle andre interesserte til konferanse i Bergen  om korleis vi kan betre kunnskapen og kommunikasjonen om seksuell helse.


28.06.2017

Tilskot til styrking av helsestasjons- og skulehelsetenesta i 2017

Elleve av kommunane i fylket har fått tilskot frå Helsedirektoratet til å styrke helsestasjons- og skulehelsetenesta. Tre av dei har også fått midlar frå tilskotsordninga til å styrke skulehelsetenesta i vidaregåande skule.


27.06.2017

Tilråding om praktisk inneklimaarbeid i barnehagar og skular

Alle barn har rett til eit godt inneklima i barnehagen og på skulen. Helsedirektoratet har laga tilrådinga for å bidra til dette.


Fleire nyhende