Helse, omsorg og sosialtenester

Alle som treng det, skal få gode og forsvarlege helse- og sosialtenester – uavhengig av alder, inntekt og diagnose. Det er i stor grad kommunane og helseføretaka (sjukehusa) som tilbyr desse tenestene.

Staten har ansvar for å sikre like rammevilkår gjennom regelverk og økonomiske rammer. Staten har òg ansvar for å føre tilsyn og kontroll med helse- og sosialtenestene. Mykje av dette arbeidet blir gjort av Fylkesmannen.

Vis meir


14.08.2018

HPV-vaksine

Frå hausten 2018 vil gutar, på lik linje med jenter på 7. klassetrinn, få tilbod om HPV-vaksine i barnevaksinasjonsprogrammet.


19.07.2018

Nær fire millionar kroner til utviklingsarbeid i Nav

Arbeids- og velferdsdirektoratet har løyvd 3 860 558 kroner til å dekke lønnsutgifter for å stimulere til utvikling av sosiale tenester i Nav-kontor i Hordaland.


17.07.2018

Kvalifiseringsstønad skal ikkje avkortast mot fosterheimsgodtgjersle

Arbeids- og velferdsdirektoratet har konkludert med dette i ein uttale til Fylkesmannen.


18.06.2018

Ikkje forsvarleg oppfølging etter mistanke om seksuelle overgrep mot psykisk utviklingshemma person

Fylkesmannen har avslutta eit tilsyn med ei kommune i Hordaland si oppfølging av bebuarar etter mistanke om seksuelle overgrep. Me er komne til at kommunen har brote kravet om forsvarleg verksemd på fleire punkt i denne saka. Manglane me har avdekt er knytt til mangelfulle risikovurderingar, mangelfulle vurderingar av kva tryggingstiltak som var nødvendige, unnlating av å setja inn adekvate tiltak for å sikra bebuarane, manglande retningsliner og mangelfull journalføring. Dette viser mangelfull styring i kommunen.


06.06.2018

Ny og forenkla retningsline for svangerskapsomsorga

Helsedirektoratet tilrår kvinner å ta kontakt med lege eller jordmor så snart dei veit dei er gravide. Levevaner har fått meir plass i dei nye faglege råda for svangerskapsomsorga.


30.05.2018

Betre lindrande behandling til personar med demens

Eit nytt e-læringsprogram skal gjere sjukepleiarar og helsefagarbeidarar betre rusta til å gi personar med demens gode tenester i siste fase av livet.


25.05.2018

Nasjonal kartlegging av seksualitetsundervisninga

Som ein del av oppfølginga av "Snakk om det! Strategi for seksuell helse (2017 - 2022" har Helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet sendt ut ei kartleggingsundersøking til alle skulane i landet.


22.05.2018

Haukeland mangla klare retningsliner for operasjonar av gravide

Kirurgisk klinikk varsla Helsetilsynet om at eit barn døydde i mors liv rett etter at kvinna var operert for gallestein. Rutinane for samarbeidet mellom kirurgane og gynekologane var ikkje klare nok, og vurderinga om ho skulle bli operert blei ikkje gjort på rett vis. Rutinane er no forbetra.


18.05.2018

230 personar på venteliste til sjukeheim

Helsedirektoratet har no klar den første nasjonale oversikta over personar på venteliste til sjukeheimsplass. 


07.05.2018

Begge foreldra må i utgangspunktet samtykka til behandling ved barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk

Foreldre har som hovudregel rett til å samtykka til helsehjelp for pasientar under 16 år. Der helsehjelpa blir rekna som ein del av den daglege og ordinære omsorga for barnet, er det nok at ein av foreldra samtykker. Behandling for psykiske lidingar blir ikkje rekna som ordinær helsehjelp, og føreset difor samtykke frå begge foreldra.


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel