Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

St. Olavs orden 1. klasse tildelt Ketil Hvoslef


Komponist Ketil Hvoslef fekk i dag overrekt sine ordensinsignia for St. Olav av 1. klasse under ei enkel tilstelling på fylkesmannen sitt kontor i Bergen.

Denne saka er skriven før 1.1. 2021 då Fylkesmannen endra namn til Statsforvaltaren.

Publisert 05.12.2018

Ketil Hvoslef, født 9. juli 1939, har sidan 1960-åra vore ein av landets fremste komponistar, med ein omfattande, variert og særprega produksjon. Blant norske komponistar i dag har han ei nestor-rolle og vart av somme plassert blant dei fremste nålevande komponistar i Norden.

Musikken hans er vanskeleg å sette i bås, sjølv om grunnlaget er den klassiske musikken. Stilen hans er personleg og nyskapande.