Kronprinsparet til Sykkel VM

DD.KK.HH. Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit vil vere til stades under Sykkel VM i Bergen (24. september).

Kronprinsparet vil vere til stades i målområdet på Festplassen frå om lag kl. 15.45, og vil etter målgang delta under medaljeseremonien på Torgallmenningen, der Kronprinsen vil dele ut blomar til medaljørane.

I forkant vil Kronprins Haakon, i tidsrommet 12.30 – 13.30, sjå løypa saman med sykkelpresident Harald Tidemann Hansen, og ta ein stopp i «Laksebakken» der han møter Thor Hushovd.

Kronprinsparet kjem til Bergen med Kongeskipet den 24. september ca kl. 09.00,-, og ankrar opp ved Vågen (Skolten).

Kontaktpersonar