Kronprinsparet til Lindås

DD.KK.HH. Kronprinsen og Kronprinsessa vitjar Lindås 14. juni. Dei skal besøke Industriutvikling Vest, Knarvik Industri og Miljø og 120-åringen Hillesvåg Ullvarefabrikk.

Dei Høgvørde kongelege, Kronprinsen og Kronprinsessa kjem torsdag 14. juni klokka 11.20 til Knarvik for å besøke Industriutvikling Vest (IUV). Der vil dei møte gründermiljøet som er etablert i «Dampen».

Etter besøket hos Industriutvikling Vest vil Kronprinsparet besøke Knarvik Industri og Miljø AS(KIM) klokka 13.07. Knarvik Industri og Miljø AS er ei vekstbedrift eigd av Lindås kommune. KIM gjev tilbod til 30 personar som treng tilpassa arbeidsoppgåver. KIM produserer varer og tenester som vert omsett i Nordhordlandsregionen. Selskapet har spesielt fokus på viktige samfunnsoppgåver som gjenvinning og det å halde nærområdet fritt for søppel.

Dagen vert avslutta med eit besøk hjå Hillesvåg Ullvarefabrikk AS klokka 13.45. Ullvarefabrikken fyller 120 år i 2018.

Kontaktpersonar