Kongelege besøk

Kongefamilien gjer ei rekkje offisielle reiser og besøk både i Noreg og i utlandet. Fylkesmannen har i oppgåve å førebu, gjennomføre og evaluere kongeleg besøk i samråd med Det kongelege hoff. Ansvaret vårt gjeld kongelege reiser og besøk av offisiell karakter her i landet. 

Presseprogram og akkreditering

Ein viktig del av oppgåva vår er å leggje til rette for at media skal få gode arbeidsvilkår når kongefamilien kjem på besøk eller deltek på arrangement. I samråd med hoffet lagar vi eit medieopplegg for journalistar og fotografar. Journalistar og redaksjonar som ønskjer å dekkje det kongelege besøket, må søkje om akkreditering. Akkreditering skjer som regel via eit digitalt skjema på Fylkesmannens nettsider. Akkrediterte journalistar og fotografar får tilgang til eigne presseområde.

Nokre gonger er det av plassomsyn nødvendig å bruke pressepool eller fotopool. Det vil seie at nokre få av dei akkrediterte får vere til stades mot at dei deler materialet sitt med andre akkrediterte journalistar og redaksjonar. Når vi brukar pool, følgjer vi Norsk Presseforbunds poolreglement.

Invitasjonar

Arrangørar som ønskjer å invitere medlemmer av kongefamilien, blir bedne om å sende invitasjonen til Fylkesmannen i det aktuelle fylket. Dette gjeld arrangement utanfor Oslo. Fylkesmannen bringar invitasjonen vidare til hoffet, som saksbehandlar invitasjonen.


20.06.2018

H.M. Dronninga til Rosendal og Lofthus

H.M. Dronning Sonja er til stades ved opninga av eigen utstilling i Galleri Guddal i Rosendal 23. juni, og vil opne hengebru/gangbru over Opo på fjellet over Lofthus den 24. juni.


12.06.2018

Kronprinsparet til Lindås

DD.KK.HH. Kronprinsen og Kronprinsessa vitjar Lindås 14. juni. Dei skal besøke Industriutvikling Vest, Knarvik Industri og Miljø og 120-åringen Hillesvåg Ullvarefabrikk.


07.06.2018

Statsbesøk og Holbergpris

Kronprins Haakon og president Andrej Kiska besøkte Media City Bergen, TV2 og Bjerknessenteret i samband med statsbesøket frå Slovakia. Etterpå reiste presidenten til Bekkjarvik, mens Kronprinsen delte ut Holbergprisen til Cass Sunstein i Universitetet sin Aula.



Lenkjer