Fritak frå teieplikt

Om du er tilsett i skule, barnehage, barnevernet eller sosialetaten, offentleg tilsett i helse- og omsorgstenesta, eller arbeider med oppgåver etter introduksjonslova, må du ha fritak frå teieplikta dersom du skal vitne i ei rettssak eller gi forklaring i politiavhøyr om eit konkret straffbart forhold. Det er Fylkesmannen som gir fritak frå teieplikta.

Dersom Fylkesmannen ikkje gir fritak, kan retten ved orskurd avgjere at du likevel skal vitne. Retten kan òg avgjere at du ikkje skal forklare deg, sjølv om Fylkesmannen har gitt deg fritak frå teieplikta.

Det er ikkje nødvendig med fritak frå Fylkesmannen dersom den personen som har krav på teieplikta, godkjenner at opplysningane blir frigitt. I barnefordelingssaker treng ikkje Fylkesmannen frita barnevernstilsette frå teieplikta. Barnevernstenesta kan uhindra av teieplikta gi opplysningar til domstolen.

Vis meir


01.03.2016

Søknad om fritak frå teieplikt

Fylkesmannen kan frita vitne frå teieplikt i forvaltninga. Søknad bør sendast Fylkesmannen seinast to veker før saka skal opp i retten.


28.01.2014

Tilsette i barnevernet treng ikkje lengre samtykke frå Fylkesmannen for å vitna i barnefordelingssaker

Frå 1. januar i år kan barnevernstenesta, uhindra av teieplikt, gi opplysningar til domstolen i saker som gjeld foreldreansvar, kvar barnet skal bu og samvær.