Asylsøkjarar og flyktningar

Talet på asylsøkjarar auka kraftig i 2015. Regjeringa sette i verk ei rekkje tiltak for å handtere situasjonen, og følgjer framleis situasjonen nøye. Norske styresmakter samarbeider nasjonalt, regionalt og lokalt for å ivareta asylsøkjarane som kjem til Noreg.

Ankomstsenter Østfold eller Ankomstsenter Finnmark er første stoppestad for asylsøkjarar som kjem til Noreg. Desse to sentera er eit samarbeid mellom Utlendingsdirektoratet og Politiets utlendingseining. Her blir asylsøkjarane registrerte, dei får ei helseundersøking og informasjon om asylprosessen. Etter nokre få dagar her får dei tildelt plass på eit asylmottak der dei kan bu til søknaden er behandla. Dersom asylsøkjarane får positivt svar på søknadene sine, får dei opphaldsløyve som flyktning eller på humanitært grunnlag.

Einslege mindreårige asylsøkjarar

Einslege asylsøkjarar og flyktningar under 18 år får utnemnt ein representant. Ein representant er ein juridisk erstattar for foreldra. Representanten har ikkje den daglege omsorga, men skal syte for at barnet blir teken vare på av den instansen som er ansvarleg for å tilby omsorg. Vidare skal representanten hjelpe den mindreårige i samband med asylsaka. Asylsøkjarar under 18 år får bu i særskilte asylmottak eller i omsorgssenter.

Ansvar for asylsøkjarane:

  • Utlendingsdirektoratet (UDI) har ansvar for behandling av søknader om asyl og utvisningssaker, og for akutt innkvartering og drift av asylmottak.
  • Politiets utlendingseining (PU) tek i mot søknader om asyl og gjennomfører asylintervju.
  • Kommunane skal yte primærhelsetenester og barnevernstenester til alle som oppheld seg i kommunen, også for asylsøkjarar som er midlertidig innkvartert. Ei tilskotsordning for kommunar og fylkeskommunar skal bidra til at barn og unge som søkjer opphald i Noreg - anten dei bur i ordinære mottak, akuttmottak eller transittmottak - får grunnskuleopplæring og/eller vidaregåande opplæring. Kommunane kan dessutan søkje om refusjon for utgifter til kommunale barnevernstiltak til barnet fyller 20 år.

Fylkesmannen oppgåver:

  • Fylkesmannen utnemner representantar for einslege asylsøkjarar som er under 18 år.
  • Vi er bindeledd mellom kommunane og sentrale styresmakter for å sikre rask kommunikasjon begge vegar. Fylkesmannen i Oslo og Akershus har dessutan eit særskilt transittansvar, og er også tillagt eit nasjonalt koordineringsansvar.
  • Vi har ansvar for behandling av saker som gjeld fri rettshjelp, og ventar ein auke i saker på dette området.
  • Vi fører tilsyn med omsorgssenter for einslege asylsøkjarar under 15 år.
  • Vi er tilsyns- og klageinstans og rettleiar kommunane i saker som gjeld sosiale tenester og introduksjonslova.
  • Vi gir kommunane råd og rettleiing på helseområdet.

Vis meir


13.05.2016

Eigendelar for asylsøkjarar i mottaksfasen

Helsedirektoratet har presisert kva reglar som gjeld for eigendel når asylsøkjarar får helsehjelp.


29.02.2016

Kurs om opplæringstilbod til flyktningar og asylsøkjarar i skulealder

Fylkesmannen tilbyr eit 3-timars innføringskurs til deg som arbeider med flyktningar og asylsøkjarar, og som ønskjer meir kunnskap om kva opplæringstilbod kommunane skal gje til barn og unge.


15.12.2015

Meld inn behov for helsepersonell i samband med mottak av asylsøkjarar

Ein del kommunar treng ekstra helsepersonell i denne situasjonen.


16.11.2015

Informasjon til dei som jobbar med flyktningar i barnehagar og skular

Materiellet er utvikla av Utdanningsdirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring og Foreldreutvalet for grunnopplæringa.


10.11.2015

Ny kartlegging av lokale for innkvartering av flyktningar

Det er behov for bygningar som kan huse inntil 1000 flyktningar i ein akuttfase. Truleg vil det vere snakk om inntil ei veke per person.