Vaksenopplæring

Kommunar, fylkeskommunen, studieforbund, fjernundervisningsinstitusjonar og andre kan tilby vaksenopplæring og kompetanseutvikling. Verksemda vert regulert mellom anna av vaksenopplæringslova og opplæringslova. 

Fylkesmannen har som oppgåve å medverke til samarbeid og nettverksbygging mellom ulike aktørar på vaksenopplæringsfeltet. 

Fylkesmannen følgjer opp norskopplæringa for minoritetsspråklege vaksne som kommunane har ansvar for. Dette kan Fylkesmannen mellom anna gjere gjennom rettleiing, forvalting av øyremerka tilskot og kompetanseutvikling for lærarar.


22.05.2018

Tilsyn med Hordaland fylkeskommune. Vidaregåande opplæring for vaksne


22.05.2018

Kurs for lærarar og leiarar i vaksenopplæringa

I samarbeid med Kompetanse Norge inviterer Fylkesmannen i Hordaland til etterutdanningskurs torsdag 8. og fredag 9. november 2018. 


19.01.2018

Avklaring om språkpraksis etter introduksjonslova

Kan språkpraksis vere ein del av opplæringa i norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova? Justis- og beredskapsdepartementet kom i november 2017 med ei avklaring av denne problemstillinga.


29.09.2017

Rett til spesialundervisning for vaksne

Vaksne kan på visse vilkår ha rett til spesialundervisning på grunnskulen sitt område. Fylkesmannen har publisert utdrag frå eit vedtak i ei klagesak.


13.06.2017

Etterutdanningskurs i vaksenopplæringa

I samarbeid med KompetanseNorge inviterer Fylkesmannen i Hordaland til etterutdanningskurs 9. og 10. november 2017.


04.10.2016

Rett til spesialundervisning for vaksne

Vi har lagt ut vårt vedtak i ei klagesak på spesialundervisning for vaksne.


14.09.2016

Etterutdanningskurs i vaksenopplæringa

I samarbeid med Vox (Nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk) inviterer Fylkesmannen i Hordaland til etterutdanningskurs 10. og 11. november 2016 for leiarar og lærarar i grunnskuleopplæringa for vaksne og leiarar og lærarar som underviser i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar.


15.09.2015

Rettar og plikter for vaksne

Ein jungel av rettar, plikter, sakshandsamingsreglar og reglar om kven som kan gjere vedtak – korleis halde tunga beint i munnen?


28.08.2015

Etterutdanningskurs i vaksenopplæringa

I samarbeid med Vox (Nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk) inviterer Fylkesmannen i Hordaland til etterutdanningskurs 5. og 6. november 2015 for leiarar og lærarar i grunnskuleopplæringa for vaksne og leiarar og lærarar som underviser i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar.


20.01.2015

Regelverksamling om grunnskuleopplæring for vaksne

Lysark frå samlinga finn du på denne sida.


Fleire nyhende