Oppmoding til nominering av skular til Dronning Sonjas skulepris 2018

Dronning Sonjas skulepris skal også i år tildelast ein skule som har utmerka seg ved å praktisere likeverd og inkludering. Fylkesmannen i Hordaland skal nominere kandidatar frå fylket til prisen. Vi oppmodar skuleeigarar til å sende inn forslag til kandidatar innan 23. august 2018.

Kriteria for Dronning Sonjas skulepris

Dronning Sonjas skulepris skal kvart år tildelast ein skule som har utmerkt seg ved å praktisere likeverd og inkludering:

  • Skulen arbeider langsiktig, systematisk og kunnskapsbasert med elevane sitt læringsmiljø
  • Skulen praktiserer likeverd og inkludering på ein slik måte at kvar enkelt elev opplever å bli verdsett i eit miljø som er prega av medverknad, tryggleik og fellesskap
  • Skulen er kjenneteikna ved positive relasjonar mellom elevane og dei tilsette, og elevane imellom, og ved eit godt samarbeid mellom skule og heim.

Dronning Sonjas skulepris er ein prestisjefull pris. Skulen treng likevel ikkje vere ”perfekt” for å kunne nominerast. Det er viktig at juryen får eit godt utval av kandidatar å velje mellom. Det er mogleg å renominere kandidatar frå tidlegare år. Alle nominerte skular vil motta eit diplom, som utmerking for at dei er valde som gode representantar frå fylkene. Vinnarskulen mottek eit diplom, kr. 250 000,- og eit kunstverk utforma av Hennar Majestet Dronning Sonja.

Utdanningsdirektoratet har laga tre filmar om skular som vart nominerte til prisen i 2017.

Korleis nominere kandidatar

Skuleeigarar og skuleleiinga i kommunane kan fremje aktuelle skular blant grunnskulane, og tilsvarande frå fylkeskommunen når det gjeld aktuelle vidaregåande skular. Utdanningsdirektoratet har laga eit skjema som skolane kan nytte når dei gjer greie for korleis dei arbeider med likeverd og inkludering. Nominasjonen sendast til Fylkesmannen i Hordaland, utdanningsavdelinga, som igjen nominerer desse til Utdanningsdirektoratet. Utdanningsdirektoratet har ein jury som gjer det endelege valet. Juryen blir leia av Dr. philos. Inga Bostad.

Prisen skal etter planen delast ut av Hennar Majestet Dronning Sonja på vinnarskulen 3. desember 2018.

Kontaktpersonar