Skulegudstenester

Fylkesmannen vil minne om at Utdanningsdirektoratet har laga eit samleoppslag om reglar for skulegudstenester. Direktoratet skriv at skulane blir oppmoda om å ha ei aktiv påmelding, og at denne påmeldinga bør vere samstundes for både gudsteneste og alternative tilbod.

Utdanningsdirektoratet har klargjort viktige føresetnader for gjennomføring av skulegudstenester:

  • Skulane skal gjennomføre gudstenesta i samarbeid og forståing med foreldra og elevane. Dersom skulen ønskjer å arrangere eller delta på ei gudsteneste, bør skulen ta dette opp med foreldre i forkant, til dømes  gjennom samarbeidsutval eller foreldreråd.
  • Det skal vere enkelt for foreldra eller elevane å forstå kva dei eventuelt skal be seg fritatt for.
  • Skulen skal gje informasjon i så god tid at foreldra eller elevane som ønskjer det, med rimeleg frist, kan melde om fritak.
  • Skulen må tilby ikkje-diskriminerande fritaksordningar gjennom likeverdige alternative tilbod for dei som melder om fritak
  • Skulen bør organisere deltaking på gudstenester ved at elevane aktivt melder seg på. Det bør vere samtidig påmelding til gudstenester og alternative tilbod.
  • Foreldra eller elevane skal ikkje måtte gje ut informasjon om eiga tru.
  • Rektor bør jamleg  gjennomgå reglane om fritak frå aktivitetar med lærarane for å sikre at fritaksretten blir praktisert riktig.

Gudstenesta bør ikkje få karakter av semesteravslutning, da ei avslutning skal vere samlande for alle elevar på skulen. Avslutningsarrangement, og andre markeringar i løpet av skuleåret som er meint å inkludere alle elevar, bør derfor leggjast til skulen, slik at alle kan delta.

Du kan lese meir her om gudstenester på nettsidene til Utdanningsdirektoratet.