Grunnskule og vidaregåande opplæring
Publisert 23.09.2012 Oppdatert 18.08.2017
Grunnopplæringa vil seie grunnskule og vidaregåande opplæring. Opplæring på grunnskulenivået er eit kommunalt ansvar, mens fylkeskommunen har ansvaret for opplæringa på vidaregåande nivå. Også godkjende private skular kan tilby grunnopplæring.
Fylkesmannen har ansvaret for at eksamen i grunnskulen og på vidaregåande skule, nasjonale prøver og obligatoriske elektroniske kartleggingsprøver blir gjennomførte etter gjeldande lover og retningslinjer.
Fylkesmannen rettleier fylkeskommunale, kommunale og private skuleeigarar etter opplæringslova og friskulelova. Fylkesmannen skal òg føre tilsyn med at skuleeigarane driv i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.
Mobbing og andre former for krenkande ord og handlingar
Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt skulemiljø utan mobbing og krenkingar. Viss du som elev ikkje har det trygt og godt på skulen, skal skulen hjelpe til. Viss skulen ikkje hjelper til, kan du ta kontakt med oss hjå Fylkesmannen. Vi har meir informasjon om korleis du får ein trygg skuledag utan mobbing.
Klage til fylkesmannen
Fylkesmannen behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i opplæringslova og friskulelova med tilhøyrande forskrifter. Ei klage på eit enkeltvedtak skal sendast først til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir medhald i klaga, eller ikkje avviser saka, skal ho sendast til Fylkesmannen for endeleg behandling.
Vis meirSlå saman
-
16.08.2017
Læreplan i norsk for språklege minoritetar med kort butid er fastsett
Læreplanen gjeld frå august 2017 for elevar i vidaregåande opplæring, privatistar og deltakarar i vidaregåande opplæring spesielt organisert for vaksne.
[ Les meir ]
-
07.07.2017
Nytt til skulestart 2017
Utdanningsdirektoratet har lagt ut oversikt over kva som er nytt i grunnskulen og vidaregåande opplæring til skulestart. Sidene bli oppdaterte etter kvart som det kjem noko nytt.
[ Les meir ]
-
05.07.2017
Fylkesmannen inviterer til fagdag om standpunktvurdering for vidaregåande skular i fylket
Tema for dagen vil vere regelverket om fastsetting av standpunktkarakterar. Det vil bli innlegg frå både Fylkesmannen og skular i fylket, samt praktisk arbeid i grupper.
[ Les meir ]
-
05.07.2017
Ny rettleiar om organisering av elevane
Kunnskapsdepartementet har hatt ein rettsleg gjennomgang av reglane i opplæringslova § 8-2 om organisering av elevane i klassar eller basisgrupper.
[ Les meir ]
-
05.07.2017
Fritak frå vurdering med karakter i framandspråk
Elevar kan søkje Fylkesmannen om dispensasjon frå kravet om vurdering med karakter i framandspråk.
[ Les meir ]
-
21.10.2016
Bli med på NM i skulelunsj
21. november inviterer Helsedirektoratet ungdomsskuleelevane til å konkurrere om å lage den beste lunsjopplevinga i landet.
[ Les meir ]
-
15.08.2016
Fellessensuren våren 2018
Her er datoane for fellessensuren for våren 2018.
[ Les meir ]
-
15.08.2016
Datoar for eksamen og sensur i vidaregåande opplæring våren 2017
Utdanningsdirektoratet har fastsett tidsplanen for skriftleg eksamen i vidaregåande opplæring i 2017. Fylkesmannen har sett fredag 16. juni som dato for fellessensur av fag som blir sensurerte i Bergen.
[ Les meir ]
-
12.08.2016
Datoar for skriftleg eksamen i grunnskulen 2017
Utdanningsdirektoratet har fastsett tidsplanen for skriftleg eksamen i grunnskulen 2017. På bakgrunn av dette har Fylkesmannen sett onsdag 14. juni som dato for fellessensur i Hordaland.
[ Les meir ]
-
11.08.2016
Rapportar frå skriftleg eksamen i grunnskulen 2016
Oppmennene i norsk, engelsk og matematikk har laga rapportar som oppsummerer erfaringar frå skriftleg eksamen våren 2016 i Hordaland. Rapportane byggjer på oppmennene sine eigne erfaringar frå sensurarbeidet, samt innspel frå sensorane i dei ulike faga.
[ Les meir ]
Fleire nyhende