Barnehage

Barnehagen skal vere ei pedagogisk verksemd som gir barn gode høve for leik og meiningsfylte opplevingar og aktivitetar. Alle kommunar har ei lovfesta plikt til å tilby nok barnehageplassar. Utanom foreldrebetalinga er det kommunane som er ansvarlege for å finansiere barnehagane.

Fylkesmannen rettleiar kommunar og ikkje-kommunale barnehageeigarar etter barnehagelova og fører tilsyn med at kommunane utfører dei oppgåvene dei skal etter barnehagelova og tilhøyrande forskrifter.

Fylkesmannen behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i barnehagelova og tilhøyrande forskrifter. Ei klage på eit enkeltvedtak skal sendast først til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje gir medhald i klaga, skal ho sendast til Fylkesmannen for endeleg behandling.

Vis meir


14.12.2017

Om 3-åringane i barnehagen

Fylkesmannen i Hordaland får mange spørsmål som gjeld 3-åringar i barnehagar. Bakgrunnen for dette er dei endringane som kjem fram i forskrift om pedagogisk bemanning og dispensasjon.


07.12.2017

Kyrkjebesøk for barn i barnehagar

Barnehagen skal byggje på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon. Kyrkjebesøk kan vere ein aktuell aktivitet i den samanheng. Samstundes blir det framheva i barnehagelova at barnehagen skal bli driven i samsvar med dei ynskjer foreldra har for omsorg og oppseding av barna.


29.11.2017

Presentasjonar frå samling for kommunane

Her finn du presentasjonane frå samlinga for fagansvarlege og rådgjevarar i barnehagesektoren i kommunane 22. - 23. november på Grand Hotel Terminus.


08.11.2017

Rapporteringskrav. Midlar til symjeopplæring for barn i barnehage for 2017

Kommunen eller den som er tilskotsmottakar skal rapportere til Fylkesmannen om kor mange som har gjennomført symjeopplæring. Det skal også rapporterast på kor mange timar symjeopplæring som er gitt, og kor mange som er i kommunal og privat barnehage. Frist for rapportering er 1. desember 2017.


16.10.2017

Presentasjonar frå barnehagekonferansen i Bergen

Den 29. september gjekk årets GLØD- fagkonferanse for barnehagesektoren av stabelen. Tema var henta frå Ny Rammeplan for barnehagen. Presentasjonane frå konferansen er tilgjengeleg under Dokument i margen til høgre.


28.08.2017

Døme på vedtak i klagesak om tilrettelegging i barnehagen

Fylkesmannen har laga eit døme på eit vedtak frå Fylkesmannen i ei klagesak om tilrettelegging i barnehagen for barn med nedsett funksjonsevne. 


07.07.2017

Nytt til barnehagestart 2017

Utdanningsdirektoratet har lagt ut oversikt over kva som er nytt til barnehagestart. Saka blir oppdatert når det kjem noko nytt.


04.07.2017

Fagkonferanse om barnehagesektoren 2017

Tema for konferansen er implementering av ny rammeplan for barnehagen som gjeld frå 1. august 2017. Det vil bli presentasjon av forsking og refleksjon over sentrale tema i rammeplanen. 


04.07.2017

Norm for grunnbemanning og fleire pedagogar i barnehagen

Kunnskapsdepartementet har sendt på høyring eit forslag om å lovfeste i barnehagelova eit minimumskrav til grunnbemanninga.  


04.07.2017

Utlysning av tilretteleggingsmidlar for vidareutdanning i barnehagen

Utdanningsdirektoratet har, som eit ledd i arbeidet med å setje i verk og følgje opp strategien "Kompetanse for framtidens barnehage 2014 - 2020" gitt fylkesmennene fullmakt til å fordele tilretteleggingsmidlar for studieåret 2017 - 2018 etter lokal prioritering.


Fleire nyhende