Barnehage og opplæring

Barn og unge har rett til ei god utviklings- og opplæringstid frå barnehagealder til fullført vidaregåande opplæring.

  • Kommunane har plikt til å tilby plass i barnehage til barn som fyller eitt år før 1. desember det året foreldra søkjer om opptak, dersom barnet er busett i kommunen. Barnet kan få plass i kommunal eller ikkje-kommunal barnehage.
  • Barn og unge har plikt og rett til ei tiårig grunnskuleopplæring frå dei fyller seks år, og rett til å få denne finansiert av det offentlege. Det er kommunane som har ansvaret for grunnskuleopplæringa.
  • Ungdom mellom 16 og 19 år har rett til offentleg finansiert vidaregåande opplæring. Det er fylkeskommunane som har ansvaret for opplæring på vidaregåande skule.

Fylkesmannen gjennomfører tilsyn og behandlar klagar

Fylkesmannen skal informere og rettleie innbyggjarar og eigarar av barnehagar og skular etter opplæringslova, privatskulelova og barnehagelova med tilhøyrande forskrifter. Fylkesmannen er også klageinstans for enkeltvedtak på desse områda og fører tilsyn etter opplæringslova og barnehagelova.

Tilskot til skular og barnehagar

Det er i hovudsak skule- eller barnehageeigaren og kommunane som har rett til offentlege tilskot. Fylkesmannen har oppgåver knytte til kontroll, klage og oppfølging av slike tilskot.

Vis meir


08.08.2018

Nytt til skule- og barnehagestart 2018

Utdanningsdirektoratet har laga ei oversikt over kva som er nytt til skule- og barnehagestart i 2018.  


07.08.2018

Tilskot til bemanningsnorm i barnehage

For å betre finansieringa av bemanningsnorma, blei det i revidert nasjonalbudsjett vedteke eit øyremerka tilskot på 100 millionar kroner for 2018 og dei to komande budsjettåra.


19.06.2018

Ny bemanningsnorm og ny pedagognorm for barnehagar

Stortinget har vedteke ny bemanningsnorm og ny pedagognorm for barnehagar. Bemanningsnorma gjeld frå 1. august 2018, men barnehagane får eit år på seg til å oppfylle minimumskravet. Pedagognorma trer i kraft frå hausten.


05.06.2018

Utdanningsdirektoratet tar over tilskot til leirskuleopplæring

Kommunane vil i løpet av våren få ein førespurnad frå Utdanningsdirektoratet om leirskuledeltakinga er gjennomført likt det som blei registrert i GSI.


28.05.2018

Nasjonal kartlegging av seksualitetsundervisninga

Som ein del av oppfølginga av "Snakk om det! Strategi for seksuell helse (2017 - 2022" har Helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet sendt ut ei kartleggingsundersøking til alle skulane i landet.


22.05.2018

Hordaland fylkeskommune. Vidaregåande opplæring for vaksne

Fylkesmannen har ført tilsyn med Hordaland fylkeskommune og vaksenopplæringssenteret ved Sotra vidaregåande skule. Tema var vidaregåande opplæring for vaksne. Fylkesmannen fann brot på opplæringslova.


14.05.2018

Oppmoding til nominering av skular til Dronning Sonjas skulepris 2018

Dronning Sonjas skulepris skal også i år tildelast ein skule som har utmerka seg ved å praktisere likeverd og inkludering. Fylkesmannen i Hordaland skal nominere kandidatar frå fylket til prisen. Vi oppmodar skuleeigarar til å sende inn forslag til kandidatar innan 23. august 2018.


07.05.2018

Regjeringa gjennomfører høyring om tilbodet til barn og unge med særskilte behov

Mange barn og unge får hjelp altfor seint, og annankvar elev med spesialundervisning får det av ufaglærte. Dette kjem fram ein rapport om spesialundervisning som ei ekspertgruppe, leia av Thomas Nordahl, har lagt fram. Ekspertgruppa sine forslag til tiltak skal på høyring. Høyringsfristen er 15. august 2018.


20.04.2018

Lovlegkontroll av vedtak om endring av skulekrinsgrenser

Stord kommune har fatta vedtak om å endre skulekrinsgrenser. Fylkesmannen har konkludert med at vedtaket er ugyldig, og har difor oppheva vedtaket.


21.03.2018

Kompetansemidlar til barnehagesektoren - utlysing for 2018

Revidert strategi for kompetanse og rekruttering 2018 - 2022 er ei vidareføring av Kompetanse for framtidens barnehage. I revidert strategi er det lagt opp til ei desentralisert ordning med lokale prioriteringar og samarbeidande aktørar.  2018 er eit overgangsår til nye regionale ordninga er etablert, og søknad om midlar til kommunar og barnehagar skal vidareførast dette året.

Søknadsfrist 20. mai 2018


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel