Familievern

Familievernkontora gir tilbod om behandling og rådgiving ved vanskar, kriser og konfliktar i familien. Kontora meklar også i samband med skilsmisse eller samlivsbrot eller i barnefordelingssaker. Tilbodet er gratis.

Fylkesmannen fører tilsyn med verksemda ved familievernkontora i fylket. Vi har tilsynsbesøk ved kvart familievernkontor minst kvart tredje år. 

Vis meir


18.09.2014

Korleis møte barn og unge i kriser

Barn og unge kan oppleve ulike kriser som er vanskelege å takle åleine, til dømes dødsfall, samlivsbrot, familievald, akutt omsorgsovertaking og alvorlege ulukker. Her har vi samla nokre tilrådingar frå Senter for Krisepsykologi som kan vere til god hjelp.


03.12.2012

Innsyn i journal hos familievernkontoret

Den enkelte har berre krav på å sjå opplysningar i journal som direkte gjeld han eller ho sjølv. Innsyn i opplysningar om andre krev samtykke.