Kommunen har ansvaret for å følgje med på at alle barn i eigen kommune har det bra

Rådmann og ordførar har ansvaret for at barna i kommunen får rask og riktig hjelp når omsorgssituasjonen i heimen ikkje er tilfredsstillande. Det er særleg nokre forhold øvste administrative og politiske leiing må vere opptatt av når dei skal finne ut om «deira barn» får riktig hjelp når dei treng det.

Tidleg innsats er viktig for barna

Tidleg innsats handlar mellom anna om å gripe inn tidleg i saker der barn vert utsett for alvorleg omsorgssvikt. Barneverntenesta må vere i stand til å identifisere desse sakene raskt og gjennomføre undersøkingar som er eigna til å avklare omsorgssituasjonen. Dei er ikkje alltid det. Les meir om dette i NOU 2017:12 Svikt og svik, kapittel 6 (s. 50)

Undersøkingane må vere systematiske, raske og grundige nok. Den viktigaste kjelda til kunnskap om korleis det enkelte barn har det, er barnet sjølv. Barneverntenesta må alltid søke den kunnskapen.

Tenestene må melde

Barnevernet er avhengig av at profesjonelle og privatpersonar melder frå om bekymring for barn. Manglande meldingar til barneverntenesta kan få svært alvorlege konsekvensar for det enkelte barn. Truleg er det dei mest utsette og sårbare barna som er mest avhengig av at nokon melder frå om sin bekymring til barneverntenesta. Ei viktig side av dette er tillit mellom barneverntenesta og dei andre tenestene. I tillegg må leiinga i kommunen sørge for at tenester som til dømes skule, barnehage og ulike helsetenester har kunnskap om meldeplikta si. Etter lovendring har vi no fått eit tydelegare regelverk om opplysingsplikt til barnevernet.

Medverknad – ei føresetnad for å lukkast

Omsynet til barnets beste er grunnleggjande for barnevernet sitt arbeid. At barn får komme med si meining er ein føresetnad for å få klarlagt kva som er til det enkelte barn sitt beste. Barnet si rett til å bli høyrt er eit av dei fire grunnprinsippa i FNs barnekonvensjon og er også inntatt i Grunnlova. Likevel viser undersøkingar at barn medverkar for lite i barnevernsaker. Det er barnevernet som har ansvaret for å få dette til. Les meir om medverknad her: Medverknad – barnet sitt perspektiv i barnevernsakerDu kan og lese om lovendringane i regelverket på Regjeringen sine heimesider.

Kommunen sitt ansvar

Kommunen skal gjennom systematisk styring sørgje for at oppgåvene blir utført slik lova bestemmer. Ansvaret for å etablere og sikre nødvendig styring ligg til øvste politiske og administrative leiing i kommunen. Regelen i barnevernlova paragraf 2-1 fjerde ledd er ikkje til hinder for at øvste leiing i kommunen følgjer med på at oppgåvene blir ivareteke.

Rapportering om aktiviteten i barneverntenesta

To gonger kvart år rapporterer barneverntenestene om sin aktivitet til Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet. Rapporteringa går gjennom fylkesmennene. Rapporteringa gir svar på nokre av forholda kommuneleiinga må vere opptekne av når dei følgjer med på borna sin situasjon. 

Les meir om satsing på barnevern