Bruk av politi i barnevernet

Det kan i særskilte tilfelle vere naudsynt for barnevernstenesta å få hjelp av politiet til å gjennomføre vedtak. Bruk av politi er eit svært alvorleg inngrep og skal berre nyttast i naudstilfelle.

Dette blir presisert i det vedlagde brevet frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet til Fylkesmannen i Aust-Agder.  Det går fram av brevet at det berre er barnevernsleiar som kan fatte ei avgjerd om politibistand og at tilsette i barnevernet alltid skal vere til stades saman med politiet.

Ei avgjerd om å krevje hjelp frå politiet er ikkje eit enkeltvedtak i forvaltningslova si meining, men krev at barnevernstenesta dokumenterer dei vurderingane som ligg til grunn for avgjerda.

Grunnlaget for å krevje hjelp frå politiet er heimla i barnevernlova § 6-8.