Barnevern

Barnevernets hovudoppgåve er å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid. Barnevernet skal dessutan medverke til trygge oppvekstkår for alle barn og unge. Både kommunane og staten har oppgåver og ansvar på barnevernsområdet.

Kommunens oppgåver

Alle kommunar skal ha ei barnevernsteneste som utfører det daglege arbeidet etter barnevernslova. Barnevernstenesta skal setje i verk hjelpetiltak for barnet og familien. Hjelpa kan givast i form av råd og rettleiing, eventuelt i kombinasjon med andre hjelpetiltak. Vanlege hjelpetiltak er for eksempel barnehageplass, støttekontakt, råd og rettleiing og avlastningstiltak i heimen.

Barnevernstenesta har også ansvar for å gripe inn dersom tiltaka i heimen ikkje er tilstrekkelege for å sikre barnets behov. Barnevernstenesta kan då for ein periode i samråd med foreldra formidle plass i fosterheim eller på institusjon, eller på eit senter for foreldre og barn. Dersom eit barn skal plasserast utanfor heimen utan samtykke frå foreldra, må det gjerast vedtak om dette i Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker etter forslag frå kommunen.

Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker

Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker har mynde til å ta avgjerder blant anna i saker om omsorgsovertaking og i saker som gjeld tvangsinngrep overfor ungdom med alvorlege åtferdsvanskar. Avgjerder som er tekne av fylkesnemnda, kan bringast inn for domstolane.

Fylkesmannen fører tilsyn og er klageinstans

Fylkesmannenfører tilsyn med barnevernsverksemda i kommunen. Dette inneber blant anna at Fylkesmannen behandlar klager på saksbehandlinga i barnevernstenesta og tek stilling til om barnevernstenesta har utført arbeidet sitt etter barnevernslova og forvaltningslova.

Fylkesmannen er også klageinstans for enkeltvedtak som barnevernstenesta gjer etter barnevernslova. Dette vil i dei fleste tilfella vere saker der barn eller foreldre klagar over at dei ikkje får det hjelpetiltaket dei ønskjer.

Fylkesmannen fører også tilsyn med at barn på barnevernsinstitusjonar får forsvarleg omsorg og god behandling. Vidare skal tilsynet sjå til at barna blir behandla omsynsfullt og med respekt for integriteten til den enkelte. Dette inneber blant anna at barn som blir utsette for tvang på ein barnevernsinstitusjon, kan klage til Fylkesmannen.

Vis meir

Til deg på barnevernsinstitusjon

Dine rettar på institusjon og i omsorgssenter

Om barnevernet på thai, polsk, arabisk, urdu, vietnamesisk, farsi, engelsk, russisk, somali, dari.


11.10.2018

61 ½ millionar kroner til stillingar av barnevernet

Den statlege styrkinga av stillingar i det kommunale barnevernet starta i 2013, og no i 2018 finansierer tilskotsordninga i alt 88,9 stillingar i Hordaland.


01.10.2018

Svikt i tilsynet med barnevernsinstitusjon

I våre tilsyn med Vestlund ungdomssenter klarte vi ikkje å avsløre at drifta var uforsvarleg. Det har Helsetilsynet påpeikt i sin tilsynsrapport, og vi seier oss leie for å ikkje ha gjort grundig nok arbeid. Tilbakemeldinga vi fekk i august gjorde at vi straks laga ein handlingsplan for å rette manglane. Fleire av endringane er alt sette i verk.


21.09.2018

Rett til skulegang for elevar under barnevernet si omsorg

Barn som bur i barnevernsinstitusjon, fosterheim og i beredskapsheim må sikrast skulegang.


04.06.2018

Korleis førebygge konfliktar på barneverninstitusjonar?

Bufdir har utarbeidd faglege råd om førebygging og handtering av konfliktfylte situasjonar på barnevernsinstitusjonar. Fylkesmannen ventar at alle institusjonar innrettar praksisen sin i tråd med desse tilrådingane.


09.05.2018

Barnevernstenesta kan ikkje la private føra tilsyn under samvær etter at eit barn er omsorgsovertatt

Tilsynet er eit kontrolltiltak som kan føra til at foreldre og barn blir nekta kontakt. Dette er svært inngripande, og tilsynet vil difor innebera offentleg myndigheitsutøving. Barnevernstenesta kan ikkje overlata til private å utøva offentleg myndigheit etter barnevernslova.


09.05.2018

Barnevernsleiaren kan vera tilsett som leiar i fleire kommunar samtidig

Dersom det blir vurdert å vera forsvarleg, vil barnevernsleiaren kunna vera tilsett som leiar i fleire kommunar, utan at det ligg føre eit interkommunalt samarbeid. Dette går fram av ei nyare tolkingsuttale frå Barne- ungdoms- og familiedirektoratet.


12.03.2018

Statleg tilskot til ei ny stilling i barnevernet i Bergen

Fylkesmannen tilbyr Bergen kommune statleg finansiering av ytterlegare ei barnevernstilling, i tillegg til dei 33,8 barnevernstillingane som staten finansierer frå før.


08.03.2018

Bruk av politi i barnevernsinstitusjon

Kontakt med politi kan bli opplevd som skremmande og inngripande, særleg om det vert nytta tvang. Barn me snakkar med fortel også dette.


07.03.2018

Kommunen har ansvaret for å følgje med på at alle barn i eigen kommune har det bra

Rådmann og ordførar har ansvaret for at barna i kommunen får rask og riktig hjelp når omsorgssituasjonen i heimen ikkje er tilfredsstillande. Det er særleg nokre forhold øvste administrative og politiske leiing må vere opptatt av når dei skal finne ut om «deira barn» får riktig hjelp når dei treng det.


22.02.2018

Medverknad – barnet sitt perspektiv i barnevernsaker

Alle instansar som har oppgåver etter barnevernlova er omfatta av den generelle føresegna om medverknad i barnevernlova § 4-1. Det å sikre barnet si medverknad har hatt stor merksemd dei seinare åra. Vi får likevel stadig inn saker til oss der tenestene ikkje har samarbeidd med barnet og sørga for barnet sitt perspektiv.


Fleire nyhende