Barnelova

Barnelova gjeld for barn og unge under 18 år og regulerer foreldra sine plikter overfor barna – og barna sine rettar overfor foreldra. Barnelova har blant anna føresegner om fastsetjing av farskap, foreldreansvar og dagleg omsorg, gjensidig samværsrett for barn og foreldre og plikt for foreldra til å forsørgje barna sine.

Fleire av føresegnene regulerer rettar og plikter når foreldra ikkje bur saman, for eksempel dersom dei er separerte eller skilde. Ved samlivsbrot kan foreldra sjølve gjere avtalar om foreldreansvar, fast bustad, samvær og reisekostnader ved samvær. Dersom foreldra ikkje blir samde, kan kvar av dei reise sak for domstolen for å få avgjort spørsmålet. Før det kan reisast sak for domstolen, må foreldra møte til mekling. Familievernkontora kan svare på spørsmål om mekling.

Økonomiske forhold mellom foreldre

Det økonomiske forholdet mellom foreldra er i utgangspunktet eit privatrettsleg forhold. Ved utrekning av reisekostnader ved samvær er hovudregelen at kostnadene skal fordelast etter storleiken på inntektene dersom foreldra ikkje blir samde om ei anna fordeling. Fylkesmannen kan avgjere fordelinga av reisekostnader dersom ei anna fordeling enn hovudregelen er rimeleg. Dette kan for eksempel vere store inntektsskilnader mellom foreldra samtidig som reisekostnadene er høge.

Fylkesmannen kan gjere avtalar bindande

Fylkesmannen kan gjere ein skriftleg avtale om foreldreansvar, fast bustad, samvær og reisekostnader juridisk bindande (gi avtalen tvangskraft). Begge foreldra må vere samde om administrativ behandling hos Fylkesmannen. Dersom det gjeld reisekostnader i samband med samver, og barnet er over 15 år, kan Fylkesmannen behandle saka sjølv om berre éin av foreldra ønskjer det. Foreldra kan også bringe saka inn for domstolen.

Foreldre som ikkje har foreldreansvar, har etter barnelova likevel rett til opplysningar om barnet frå barnehage, skule, helse- og omsorgstenesta og politiet. Fylkesmannen er klageinstans ved avslag på krav om slike opplysningar.

Vis meir


05.01.2018

Endringar i barnelova om foreldreansvar skal fremja likestilt foreldreskap

Endringane trådde i kraft 1. januar 2018, og gjeld innhaldet i foreldreansvaret og foreldre sin rett til opplysningar om barnet frå barnehage, skule, helse- og sosialvesen og politi.


29.09.2014

Rettleiar om forholdet mellom barnevernlova og barnelova

Kva skal barnevernstenesta gjere når dei møter familiar der konflikt mellom foreldra kan gå ut over omsorga for barnet?


18.09.2014

Korleis møte barn og unge i kriser

Barn og unge kan oppleve ulike kriser som er vanskelege å takle åleine, til dømes dødsfall, samlivsbrot, familievald, akutt omsorgsovertaking og alvorlege ulukker. Her har vi samla nokre tilrådingar frå Senter for Krisepsykologi som kan vere til god hjelp.


17.03.2014

Reisekostnader ved samver

Born som har foreldre som bur langt frå kvarandre må ut å reise for å ha samver. Reisekostnadene skal fordelast mellom foreldra etter storleiken på inntektene deira.


28.01.2014

Tilsette i barnevernet treng ikkje lengre samtykke frå Fylkesmannen for å vitna i barnefordelingssaker

Frå 1. januar i år kan barnevernstenesta, uhindra av teieplikt, gi opplysningar til domstolen i saker som gjeld foreldreansvar, kvar barnet skal bu og samvær.