Vil kompostere hageavfall og hestemøkk på Eide


Høyringsfrist 25. oktober 2017 23:59

Franzefoss Gjenvinning AS avd. Eide søkjer om å etablere eit komposteringsanlegg for hageavfall og hestemøkk på Eide i Fjell kommune. Frist for å gje uttale er 25. oktober 2017.

 
Søknad

Franzefoss Gjenvinning AS avd. Eide søkjer om kompostering av 10 000 tonn hageavfall og hestegjødsel per år. Komposten vil i hovudsak brukast av Grønn Vekst Norge AS til jordproduksjonen på området.

Kompostering av hageavfall og hestegjødsel skal gå føre seg på det avslutta deponiet. Det skal etablerast eit område med kunstig membran for oppsamling av sigevatn. Hageavfall og hestegjødsel vil bli kompostert kvar for seg. Sigevatnet vil bli reinsa i eksisterande reinseanlegg for sigevatn frå deponiet.

Eksisterande løyve

Verksemda har frå før løyve til kompostering av 2 000 tonn avfall på eksisterande komposteringsanlegg på Eide. Her kan dei kompostere slam, våtorganisk avfall, hage- og parkavfall, og treflis og sagspon. Denne aktiviteten vil halde fram, og løyvet vil bli oppdatert. 

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Høyringsfrist er 25. oktober 2017.

Merknader til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmhopostmottak@fylkesmannen.no, eller til Fylkesmannen i Hordaland, Postboks 7310, 5020 Bergen.

Merk saka med referansenummer 2015/3246.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under fullt namn. Fråsegn som ikkje er seriøse vert ikkje vurdert.