Søkjer om mudring, utfylling og dumping på Eldøyane


Høyringsfrist 15. desember 2017 23:00

Kværner AS Lokasjon Stord søkjer om løyve etter forureiningslova til mudring, undervassprenging, dumping og utfylling. Arbeidet er planlagt gjennomført i 2018. Frist for uttale er 15. desember 2017.

Det er ca. 150 000 kubikkmeter faste massar og ca. 110 000 kubikkmeter lause massar som skal takast opp og plasserast på ulike stadar innafor hamnebassenget ved Kværner. 

Om søknaden

Kværner AS Lokasjon Stord skal etablere nytt kaianlegg ved dokken. Kaia skal ha auka seglingsdjup ned til minus 16 meter. Dette innebær mudring av lausmassar og sprenging av fast fjell. Det er lagt opp til massebalanse i prosjektet.

Det er rekna ut at ca. 150 000 kubikkmeter faste massar må sprengast. Dei faste massene skal plasserast tre stadar. Ca. 100 000 kubikkmeter bak planlagt cellespunt for oppbygging av nytt kaianlegg. Ca. 50 000 kubikkmeter på dumpestad 2A som erosjonssikring over dumpa lausmassar, og evt. overskot av faste massar på utfyllingsstad 2B for landvinning. (Sjå figur 1)

Vidare er det rekna ut at ca. 110 000 kubikkmeter lausmassar må fjernast frå sjøbotn der hovudmengda vert fjerna bak planlagd cellespunt. Av desse er ca. 10 000 kubikkmeter vurdert som moderat forureina av miljøgifter. Lausmassane vert plassert på to stadar. Ca 20 000kubikkmeter på dumpestad nær kaianlegget. Dei ca. 10 000 kubikkmeter med forureina massar vert lagt nederst og dekka over av ca. 10 000 kubikkmeter reine marine lausmassar. Ca. 80 000 kubikkmeter reine marine massar vert lagt nederst på dumpestad 2A, og dekka over med steinmassar.

Avbøtande tiltak

Risiko for forureining ved tiltaket er mellom anna spreiing av miljøgifter frå sjøbotn og spreiing av finpartikulært materiale. Tiltaka fører til at deler av eksisterande forureina sjøbotn vert omplassert og dekka til med reine massar, og utlekking av miljøgifter vert dermed redusert.

I søknaden er det gjort greie for planlagte avbøtande tiltak for å redusere risiko til eit akseptabelt nivå. Dette er:

  • Tiltaka vert overvaka med turbiditetsmåling. Spreiing av partiklar skal ikkje overstige 10 FTU (turbiditet) over bakgrunnsverdiar under deponering og mudring av forureina sjøbotn.
  • Dumping av forureina lausmassar; Det skal nyttast siltgardin rundt dumpeområdet for å redusere spreinga av partiklar.
  • Dumping av reine marine lausmassar (2A); Det skal nyttast eit siltskjørt ned til 10 m djupne rundt nedføringslekteren eller alternativt rundt dumpeområdet, for at partiklane ikkje skal spreiast i overflata. 

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta er tilgjengeleg til høgre på denne nettsida. 

Høyringsfrist er 15. desember 2017

Merknadar til søknaden kan leggjast inn direkte på nettsida under denne saka, eller sendast til Fylkesmannen i Hordaland, Postboks 7310, 5020 Bergen eller til fmhopostmottak@fylkesmannen.no innan 15. desember 2017. Merk innspel med saksnummer 2017/11287.

Alle merknader vert registrert i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt navn.

Kontaktpersonar