Søkjer om drift av avfallsanlegg på Lindenes i Odda

Lindum AS avd. Odda søkjer om drift av avfallsanlegg etter forureiningslova ved Lindenes komposteringsanlegg i Odda kommune. Frist for uttale er 20. august 2017.

Lindum AS avd. Odda har løyve til drift av komposteringsanlegg. No søkjer dei om følgjande: 

  • Utviding av typar avfall som anlegget kan ta imot og prosessere
  • Endring i nokre omtaler av utforminga og funksjonen til anlegget
  • Sortering og mellomlagring av næringsavfall
  • Mottak og mellomlagring av EE-avfall
  • Mottak og mellomlager for farleg avfall

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida, saman med verksemda sine noverande løyve og lenke til førre høyring.  

Høyringsfrist er 20. august 2017

Merknader til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmhopostmottak@fylkesmannen.no, eller sende per post til Fylkesmannen i Hordaland, postboks 7310, 5020 Bergen. Merk saka med referansenummer 2014/8532. Frist for uttale er 20. august 2017.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under fullt namn. Useriøse uttaler vert ikkje vurdert.

 

 

Kontaktpersonar

Dokument