Har barnet ditt rett til gratis skoleskyss?

Lang eller farleg skoleveg kan gi rett til gratis skyss.
Lang eller farleg skoleveg kan gi rett til gratis skyss.

Kven har rett til skoleskyss og korleis kan du klage på eit eventuelt avslag?

Retten til gratis skoleskyss

Elevar på 2.-10. årstrinn som bur meir enn fire kilometer frå skolen, har rett til gratis skoleskyss. For elevar på 1. årstrinn er skyssgrensa to kilometer. Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skoleveg, har rett til gratis skoleskyss uavhengig av kor langt det er til skolen. I tillegg er det reglar i opplæringslova om skyss for elevar som treng dette på grunn av funksjonshemming eller sjukdom.

Elevar i vidaregåande skole har rett til gratis skoleskyss dersom dei bur meir enn seks kilometer frå skolen. Reglane om rett til gratis skoleskyss i grunnskolen og vidaregåande skole finn du i opplæringslova kap.7.

Kven fattar vedtak?

Det er fylkeskommunen som fattar enkeltvedtak om gratis skoleskyss for elevar i grunnskolen som har lenger avstand til skolen enn skyssgrensene på to og fire kilometer. Fylkeskommunen har også ansvaret for å fatte enkeltvedtak om gratis skuleskyss for elevar i vidaregåande skole som har lenger avstand til skulen enn seks kilometer.

Kommunen fattar enkeltvedtak om rett til gratis skoleskyss i grunnskolen dersom skolevegen er særleg farleg eller vanskeleg. Både fylkeskommunen og kommunane må følgje reglane i forvaltningslova når dei fattar enkeltvedtak.

Kva er særleg farleg eller vanskeleg skoleveg?

Elevar som ferdast i trafikken vil alltid vere utsette for ein viss fare. «Særleg farleg eller vanskeleg skoleveg» må ein derfor forstå som ein fare utanom det vanlege.

Ved vurderinga av om vegen er ”særleg farleg eller vanskeleg” må alle relevante forhold som gjeld vegen og trafikken kartleggjast. Dette kan mellom anna vere trafikktettleik, vegdekke, breidde, vegskulder, fotgjengarovergangar, fartsdumpar, lys, generell sikt, fartsgrense og ulykkesstatistikk. Trafikktilhøva kan endrast gjennom årstidene, til dømes når det gjeld lys/sikt, føre og brøyting. Det må deretter gjerast ei vurdering av om den enkelte eleven har føresetnader for å ta seg forsvarleg fram på skolevegen. Ved den individuelle vurderinga må det mellom anna tas omsyn til alder, utvikling, syn og hørsel.

Ein del kommunar kan ha utarbeidd oversikt over kva vegar som utløyser rett til gratis skoleskyss. Dette kan lette saksbehandlinga i kommunen og føre til einsretta praksis. Det er likevel viktig å merkje seg at det alltid må gjerast ei individuell vurdering av eleven i forhold til dei gjeldande lovkrava. Ein elev på 5. årstrinn kan til dømes ha rett til gratis skoleskyss, sjølv om det er uttalt frå kommunen at berre elevar på 1. til 4. årstrinn skal ha rett til gratis skoleskyss på ein vegstrekning.

Klagebehandling

Dersom du har søkt om gratis skoleskyss og fått avslag, kan du klage på dette enkeltvedtaket. Klagen sender du til den som har fatta vedtaket. Søknaden din om gratis skuleskyss skal då vurderast på nytt. Dersom den nye vurderinga ikkje fører til at enkeltvedtaket blir endra, skal klagen sendast til behandling hos Fylkesmannen. Det er den som har fatta enkeltvedtaket som sender klagen til oss. Fylkesmannen kan gi deg medhald, delvis medhald eller ikkje medhald. I nokre tilfelle sender vi saka tilbake til kommunen for ny behandling. Vedtaket som Fylkesmannen fattar, er endeleg.

Retten til eit godt psykososialt miljø på skolevegen

Elevane sin rett til eit godt psykososialt miljø gjeld også på skolevegen, og dermed også under skoleskyssen. Elevane skal sleppe å oppleve krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme.

Dersom du ber om tiltak som gjeld det psykososiale miljøet, skal skolen snarast mogleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltninga. Eit tiltak for å hindre til dømes mobbing kan vere at kommunen må setje inn tilsyn på skolebussen.

Meir om retten til eit godt psykososialt miljø finn du i kap.9a i opplæringslova.

Meir informasjon

Utdanningsdirektoratet har laga eit rundskriv om retten til skyss som særleg tar for seg regelverk, prosedyrar og prosessar.