Kronprinsen vitja Fjærland

D.H.K Kronprinsen var til stades ved 25-årsjubileet til Norsk Bremuseum i dag. Han fekk med seg Bøyabreen på nært hald, og møtte elevar frå Firda vidaregåande skule. 

I 1991 opna dronning Sonja Norsk Bremuseum, og i dag var Kronprins Haakon til stades ved 25-årsjubileet.

Kronprinsen møtte elevar og lærarar frå Firda vidaregåande skule ved Bøyabreen.

Kronprinsen møtte elevar og lærarar frå Firda vidaregåande skule ved Bøyabreen.

Kronprinsen var først framme ved Bøyabreen, der elevar og lærarar frå Firda vidaregåande skule presenterte prosjektet "Grøn skule". 

Dekan Stein Joar Hegland frå Høgskulen i Sogn og Fjordane orienterte om det nye studiet «Master in Climate Change Management», medan direktør Merete Lunde ved Vestlandsforsking fortalde Kronprinsen om jobbinga med klimatilpassing i fylket.

Seinare var det folkefest ved bremuseet, der Kronprinsen fekk omvisning i utstillinga før han deltok på klimaseminar.