Strengare reglar for bygging i strandsona

Frå 1. juli 2013 vert det forbode å oppføre landbrukstiltak i hundremetersbeltet langs sjøen, med mindre kommunen har fastsett noko anna i kommuneplanen eller reguleringsplanar etter plan- og bygningslova.

Etter plan- og bygningslova av 1985 var det unntak frå byggjeforbodet i strandsona for bygningar, konstruksjonar og anlegg som var nødvendige for landbruket og annan stadbunden næring.

Unntaket for landbrukstiltak vart ikkje vidareført i plan- og bygningslova av 2008. I overgangsreglane til den nye lova er det derimot fastsett at unntaket gjeld fram til kommunen har fått revidert kommuneplanen sin, men at unntaket uansett fell bort 01.07.2013.

Det følgjer no av plan- og bygningslova § 11-11 nr. 4 at kommunen gjennom føresegner til kommuneplanen kan opne for nødvendige landbrukstiltak i hundremetersbeltet. Dersom kommunen ikkje har gjeve slike føresegner, og området heller ikkje er regulert, kan landbrukstiltak i strandsona altså ikkje lenger godkjennast utan dispensasjon frå tiltaksforbodet.

Dispensasjon krev grunngjeven søknad, og kommunen kan berre dispensere dersom omsyna bak tiltaksforbodet, eller omsyna i formålsføresegna i plan- og bygningslova, ikkje vert sett vesentleg til side. I tillegg må fordelane ved å dispensere vere klart større enn ulempene etter ei samla vurdering, jf. plan- og bygningslova § 19-2.