Gi sjøfuglane fred i hekketida!

Båtsesongen er straks i gang, og det kan dermed vere på sin plass å minne om at sjøfuglane må få fred i hekkesesongen. I sjøfuglreservata er det forbod mot å gå i land fram til og med 31. juli.

Sjøfuglane på Vestlandet har i fleire år hatt dårlege hekkeresultat på grunn av næringsmangel, og dei få fuglane som faktisk går til hekking bør derfor ikkje utsetjast for ytterlegare påkjenningar. På delar av kysten er det likevel grunn til å tru at forstyrringar i hekketida bidreg til at sjøfuglane ikkje får ungar på vengene.

I det litt ustadige sommarklimaet vårt kan sjølv kortvarig ilandstiging ved ein sjøfuglkoloni føre til at heile årsproduksjonen av egg og ungar døyr. Ungane kan ikkje regulere kroppstemperaturen sjølve før dei er fleire dagar gamle, og dersom foreldrefuglane blir skremde vekk kan egg og ungar døy både av overoppheting og avkjøling - dersom dei ikkje først blir spist av egg- og ungerøvarar.

Det er forbod mot å gå i land i sjøfuglreservata i hekketida. Reservata er merkte med små skilt på utvalde holmar, og reservatgrensene er dessutan avmerka med grøn strek på nyare båtsportkart. Innanfor desse grensene gjeld eit generelt forbod mot ferdsel på land, og ferdsel i båt nærare enn 50 meter frå land (i nokre av dei større sjøfuglreservata er denne avstanden redusert til 10 meter). Både Fylkesmannen og Statens Naturoppsyn har brosjyrer med informasjon om kva reglar som gjeld. Det vil i løpet av våren og sommaren dessutan bli sett opp informasjonsplakatar om nærliggande sjøfuglreservat i småbåthamner rundt om i fylket.

Men hugs at også sjøfuglar utanom dei verna områda treng ro i hekketida!