16.04.2024

Kristin Cotta Schønberg blir ny fylkeslege i Vestland

Statsforvaltaren i Vestland er glade for å kunngjera at Kristin Cotta Schønberg har takka ja til å bli ny fylkeslege og avdelingsdirektør for helse, sosial og barnevern i Vestland.


15.04.2024

Semje i meklinga om arealdelen for Sunnfjord kommune

I meklingsmøte 10.april vart Sunnfjord kommune og Statsforvaltaren samde om dei attståande motsegnene til arealdelen av kommuneplanen.


11.04.2024

Vi søkjer kommunaldirektør

Vil du vere med og sikre god beredskap, arealplanlegging og rettstryggleik for innbyggjarane i Vestland? Vi har ledig ei spennande leiarstilling som kommunaldirektør.


08.04.2024

FylkesROS for Vestland er ferdigstilt

Statsforvaltaren har ansvar for å samordne, halde oversikt over og informere om arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i fylket. Som ein del av samordningsansvaret er det forventa at vi skal ha kunnskap om, og oversikt over risiko og sårbarheit. Risiko- og sårbarheitsanalysen for fylket (FylkesROS), som no er ferdigstilt, bidreg til å gje oss det.


22.03.2024

Forslag til nye vernereglar og vernegrenser for Herdla naturreservat

Vi legg no forslag til endra vernegrense og vernereglar for Herdla naturreservat og fuglefredingsområde ut til offentleg ettersyn. Vi har også laga ein besøksstrategi for området. Frist for å komme med uttale er 15. juni. 


22.03.2024

Fylkeskommunen varetek ansvaret for å gjennomføre eksamen

Vi har ført tilsyn med fylkeskommunen sitt ansvar for gjennomføring av eksamen. I tilsynet har vi funne at fylkeskommunen har ein praksis som er i tråd med krava i regelverket


22.03.2024

Ta omsyn til villreinen i påskefjellet

Vi ber alle skituristar, kitarar, hundekøyrarar og andre som skal på tur i påskefjellet om å ta omsyn til villreinen og unngå unødig uroing. Om simlene skal få friske og levedyktige kalvar til våren treng dyra ro. 


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel

Følg oss på sosiale medium