Fylkesmannen.no
Hopp til innhold
Du er her: Ledige stillingar
Hopp til menyen
Inngangspartiet Statens hus Sogn og Fjordane - Foto: Oskar Andersen, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Søkje jobb hjå Fylkesmannen ?

 
Gjennom ei rekkje oppgåver er Fylkesmannen med og påverkar kvardagen til innbyggjarane i fylket. Vi har eit kunnskapsrikt og ope fagmiljø som jobbar godt saman, og vi har omfattande kontakt med kommunar og andre samarbeidspartar.
(23.09.2009 Oppdatert: 09.04.2010)
Les meir
Avansert

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal arbeide for at nasjonale vedtak, mål og retningsliner blir følgde opp. Vi gjer vedtak, rettleiar, fører tilsyn og behandlar klager frå enkeltpersonar, kommunar, bedrifter og organisasjonar. I tillegg er vi ein utviklingsaktør innan landbruk, bygdeutvikling og fornying av offentleg sektor.
Vi utviklar IT-system som blir brukte av både oss og andre. Fylkesmannen har også eit av dei største juridiske fagmiljøa i fylket. Totalt er vi om lag 120 tilsette.
 
Kontorstad for hovudadministrasjonen er Leikanger i Sogn, medan landbruksavdelinga vår ligg i Førde i Sunnfjord. Både Sunnfjord og Sogn har urbane handelssentrum og varierte kulturtilbod. Naturen med fjord og fjell dannar grunnlag for eit ungt og spennande miljø for sommar- og vintersport. Fylket har eigen fjellsportfestival og ei rekkje musikkfestivalar.
 
Hopp til menyen Hopp til innhold
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger - 57 65 50 00 - post@fmsf.no