Du er her: Førsteside
Hopp til menyen

Velkommen til nettstaden til Rettleiarnettverket i Sogn og Fjordane.

Nettstaden er eit samarbeidsprosjekt mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Målet for nettverket er:

  • å skape fagleg tilknyting mellom dei som arbeider med rettleiing i ei eller anna form
  • å bidra til kompetanseutvikling innafor feltet
  • å utvikle ulike perspektiv på rettleiing
  • å etablere ein møteplass for erfaringsutveksling på tvers av faglege tradisjonar
  • å knyte fagmiljøet i regionen tettare saman

Målgruppa er personar i ulike sektorar som:

  • arbeider som rettleiarar, og/eller
  • har utdanning på området, og/eller
  • har erfaring som rettleiarar, og/eller
  • er spesielt interessert i rettleiing

Oppgåver for nettverket er mellom anna:

  • å arrangere ein årleg konferanse med vekt på aktuelle spørsmål om rettleiing
  • å gje ut ei årbok

 

 

(19.01.2004 Oppdatert: 01.06.2007)
Avansert

Kontakt oss

Har du spørsmål knytt til nettverket eller noko du vil bidra med, eller du kjenner nokon som kan formidla noko til Rettleiarnettverket; ta kontakt med
HSF, lærarutd. og idrett
HSF, avd. for helsefag
HSF,avd.for samfunnsfag
Fylkesmannen

Bli medlem !

Adresse: 
Rettleiarnettverket i Sogn og Fjordane
v/ Kari Vold Olsen
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
6863 LEIKANGER

Fordeler:
Aktuell informasjon på    e-post
Melding om oppdatering på heimesida
Oppføring i medlems-registeret
Invitasjon til konferansen på e-post
Ein treffstad for rettleiings- interesserte
Tilbod om kjøp av årboka

Opplys om:
Namn
Adresse
Telefon
E-postadresse 
Ev. yrke/utdanning

                        

Hopp til menyen Hopp til innhold