Innovasjons Norge søkjer kandidatar til Bygdeutviklingsprisen 2010.
Bygdeutviklingsprisen
Innovasjon Norge deler kvart år ut Bygdeutviklingsprisen. Prisen er ein
bedrifts- og næringsutviklingspris for bedrifter eller personar som har
etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i bygdenes og landbrukets
ressursar. Formålet med prisen er blant anna å synleggjere gode resultat frå
landbrukstilknytta næringsutvikling. I kvart fylke vert det kåra ein
fylkesvinnar, og desse konkurrerer så om den nasjonale prisen.
Målgruppe
Hovedmålgruppa er bedrifter eller personar med næringsverksemd i
tilknytning til landbrukseigedommar. Kandidatane vert vurdert etter
følgjande kriterier:
-
Økonomisk resultat/lønsemd
-
Sysselsetting, særleg for kvinner og ungdom
-
Sosial og miljømessig berekraft, herunder utnytting av lokale
ressursar, fortrinn og ringverknader i lokalsamfunnet
-
Nyskaping/originalitet
Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50.000 kroner. Vinnarane
deltek i konkurransen om den nasjonale prisen som er på 200 000 kroner. Den
nasjonale BU-prisen vert delt ut under det store Skaperkraft arrangement i
Oslo i november 2010.
For meir informasjon, sjå under Relaterte lenker nedanfor.
Personar/bedrifter i målgruppa kan sjølv melde si interesse, eller ein kan
verte føreslege. Dersom du følgjer lenken nedanfor finn du lenke til
søknadsskjema. Det er mogleg å søkje via dette elektroniske skjemaet fram
til 15. juli.
Du kan og søkje/sende forslag til kandidatar direkte til Innovasjon Norge
Telemark v/ Reidun Løite Myhra. Innovasjon Norge tek imot
søknadar/anbefalinger som sendast direkte fram til 1. august.
Vi oppmodar alle til å melde inn gode kandidatar!