Fylkesmannen.no
Hopp til innhold
Hopp til menyen
Avansert

Forvaltningsplan for Timberøyholmane naturreservat

Timberøyholmane naturreservat – austre holme - Foto: Tore Larsen
Eit utkast til forvaltningsplan for Timberøyholmane naturreservat i Flora kommune er no lagt ut på høyring. Området vart vedteke verna 28.05.1993, som ein del av verneplanen for sjøfugl i Sogn og Fjordane.
Timberøyholmane naturreservat omfattar to holmar med omliggande sjøareal, sør for Litle-Timberøy i Høydalsfjorden, og er eit av i alt 57 sjøfuglreservat i fylket. Reservatet har særleg verdi som hekkeplass for måsar og terner.
 
Forvaltningsplanen skal vere eit hjelpemiddel til å realisere føremålet med vernet. Hovudføremålet med planen er å gi ei oversikt over tilstand og utfordringar i Timberøyholmane naturreservat, klargjere nærare kva spelerom grunneigarar og andre brukarar har i det verna området, og å konkretisere nødvendige tiltak for å gi sjøfuglane gunstige hekkeforhold. Forvaltningsplanen byggjer på verneforskrifta  og den kunnskapen som finst om verneområdet.
 
Ein forvaltningsplan er ikkje eit ”evigvarande” dokument slik som sjølve verneforskrifta. Meininga med forvaltningsplanen er at han skal reviderast (rullerast) med visse mellomrom, gjerne 10-årsintervall, slik at han til ei kvar tid skal uttrykkje det som ut i frå tilgjengeleg kunnskap framstår som den beste måten å fremje verneføremålet.
 
Delar av holmane vart rydda for skog og kratt i januar i år, for å gjere området meir eigna som hekkeområde for sjøfugl. Skjøtselstiltak for å halde buskar og kratt nede i framtida vil ha høg prioritet, og slik skjøtsel er grundig omtalt i forvaltningsplanen.
 
Fylkesmannen inviterer til å kome med innspel til forvaltningsplanen. Fristen er sett til 5. juni 2009.
 
(08.05.2009 Oppdatert: 08.10.2009)

Kontaktpersonar
Hopp til menyen Hopp til innhold
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger - 57 65 50 00 - post@fmsf.no